Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Om opphavsrett på Impulskonferansen

Kontaktpersonar

Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post
Gry Rishaug Hansen Gry Rishaug Hansen
Rådgivar
71 28 03 98 /
Mob. 416 43 033
Send e-post

Om opphavsrett på Impulskonferansen

På Impulskonferansen som vart arrangert 25.-26.oktober i Ålesund bidrog mellom anna Senter for IKT i utdanninga. Torbjørn D. Moe er seniorrådgivar på senteret og  har fleire års erfaring med pedagogisk bruk av IKT på ulike nivå i utdanningssystemet. Han meiner at den viktigaste endringa som har skjedd innanfor pedagogisk bruk av IKT sidan midten av 80-talet er Internettet i seg sjølv. Og at dei debattane vi ser i dag knytt til IKT i skulen er mykje gjentakingar i utfordringar.

Utfordringar

- Dei seinare åra er det web 2.0, og dei moglegheitene som vi har fått til direkte medverknad, både det som utfordrar og gir moglegheiter. Dei siste to åra er det nettbrett som er i aktuelt. Det har vore ein utruleg "eksplosjon" i desse "dingsane". Eg reiser ganske mykje og sit på ein del flyplassar og ventar. Der sit mange, mange med nettbretta sine i alle aldrar. Der sit 70-åringar og fjortissar med same dings. Sjølv om dei ikkje gjer det same, så er det påfallande at dei brukar same teknologi. Når vi veit at dette har skjedd i løpet av litt over 2 år - så er det spesielt.

Klasseleiing og implementering

Ut frå debattane som går føre seg om skule og bruk av IKT i faga så meiner Moe det kan virke som om det er klasseleiinga som er den mest påtrengande utfordringa. 

- Har ein implementert teknologi i ei tradisjonell undervisning i for stor grad?, spør han. Sett utanifrå kan det sjå ut som om skulen/leiinga/lærarane ikkje har vore modne nok, eller hatt den nødvendige kompetansen, til å endre undervisninga si til å tilpasse seg den nye situasjonen. Eg er også litt redd for at den massive satsinga på interaktive tavler har skremt ein del lærarar bort frå PC-ane i klasserommet.

Tilgjengeleg teknologi gir moglegheiter

- Den største styrken til dei vidaregåande skulane ved bruk av IKT i faga er at mange har brukbare driftsløysingar som kan takle massiv bruk. Og det at teknolgien i vidaregåande skule er tilgjengeleg for alle elevane gir moglegheiter for dei som tør og maktar. Moe trur at "bring your own device" vil prege teknologien framover. 

Kompetanseheving og delingsarenaer

Skuleeigar bør legge til rette for kompetanseheving av personalet som rettleiing internt på skulane i læringsarbeidet for å få størst effekt. Og skuleeigar bør skape arenaer for samarbeid og deling, vere interesserte, følgje opp, stille spørsmål og ta i bruk Skolementor.no og Lærarmentor.no (ressursar frå Senter for IKT i utdanninga), meiner Moe. Senteret bør utvikle og marknadsføre Mentortenestene betre, og utvikle rettleiingstenester for skulane.

Eksamen?

Torbjørn D. Moe sin kjepphest er eksamen. - Dersom vi skal fortsette med eksamen, må den tilpassast den nye tida. Vi treng ein open eksamen som både måler individuelle prestasjonar, problemløysing og samarbeidsferdigheiter!

Opphavsrett og Delrett.no

På Impulskonferansen hadde Senter for IKT i utdanninga og lærar ved Kristiansund vgs, Merete Brattsberg Aae ein parallell om opphavsrett. Moe presenterte ressursen delrett.no som senteret og Norgesuniversitetet driftar. Her finn du informasjon om kva du har lov å gjere og du kan stille spørsmål til juristar og få raskt svar.
Opphavsrett på Impulskonferansen

Om Impulskonferansen finn du på mrfylke.no/impuls. Her ligg foredraga og streaming frå utvalgte foredrag.

Meir om Senter for IKT i utdanninga kan du lese om på nettsidene deira.