Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Prosjekt juletrefot ved Kristiansund vgs

Prosjekt juletrefot ved Kristiansund vgs

Alle klassane på Vg1 TP har i veke 48 og 49 arbeidd  med eit tverrfagleg prosjekt; FYR-prosjekt.

Alle klassane på Vg1 TP har i veke 48 og 49 arbeidd  med eit tverrfagleg prosjekt; FYR-prosjekt. Oppgåva gjekk ut på å lage ein juletrefot i materialet stål. Elevane skulle både maskinere, montere, samanføye delane og overflatebehandle det ferdige produktet.

Alle faga på Vg1 TP skulle inn i dette prosjektet og det krevde tett samarbeid mellom lærarane på avdelinga.

I programfaga måtte dei først planlegge produksjonsprosessen før dei kunne starte på sjølve produksjonen, og her viser planane mange læringsmål elevane skal gå gjennom for å produsere denne juletrefoten, også HMS- og verkstedreglsr må ivaretakast.

I fellesfaga norsk, naturfag, matematikk, engelsk og gym skulle mange arbeidsoppgåver gjerast i løpet av desse vekene. Dei sulle ha formla og utrekninga som var relevant for produksjon av juletrefoten i matematikk. I norskfaget skulle det skrivast artikkel om produksjonen som òg skulle presenterast muntleg. Naturfag hadde ansvaret for kildesortering, gym om ergonomi på arbeidsplassen og sjølvsagt vart arbeidsprosessene skreve på engelsk i engelskfaget.

Kort fortalt fekk elevane eit innblikk i korleis alle faga dei har på skolen faktisk heng saman, og dei fekk sjå nytteverdien av teorifaga i det dei gjer på verkstaden og mot eit fremtidig arbeidsliv.