Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Rekordmange fullførte vidaregåande skole i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post

Rekordmange fullførte vidaregåande skole i Møre og Romsdal

Fylket ligg godt over landssnittet for gjennomføring i vidaregåande skole. Fråværet held seg også stabilt på eit lågt nivå.

Rekordmange elevar i fylket fullførte og bestod skoleåret 2017-18 (Foto: Luxe foto).

Dette er blant hovudtrekka i Møre og Romsdal fylkeskommune si kvalitetsmelding, som skal til politisk behandling i fylkestinget den 10.-12. desember.

- Vi ser at vi har ei svært god utvikling for vidaregåande opplæring i fylket vårt, seier fylkesutdanningssjefen Erik Brekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fleire består 

Meldinga er ein tilstandsrapport for vidaregåande opplæring, basert på statistikk og elev- og lærlingundersøkingar. Ho viser mellom anna at

  • rekordmange elevar har fullført og bestått skoleåret 2017-18. Det er ei auke både for studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.
  • 87,6 prosent av elevane fullførte og besto skoleåret 2017-18, mot 86,1 prosent året før.
  • påbygging til generell studiekompetanse har størst auke.
  • fylket ligg over landsgjennomsnittet innanfor alle utdanningsretningar for fullført og bestått per skoleår.   

Pilene peiker opp 

Samstundes held fråværet seg fortsatt stabilt på eit lågt nivå.I løpet av dei siste to siste skoleåra er fråværet redusert med 2,2 prosentpoeng frå 6,7 til 4,5.

Fylkesutdanningssjefen er svært nøgd med at pila peikar rett veg for både gjennomføring og fråvær:

- Desse resultata viser oss at det blir gjort mykje godt arbeid med å tilpasse opplæringa slik at fleire elevar gjennomfører utdanninga. Herfrå må vi berre jobbe vidare, for målet vårt innan 2019 er at 79 prosent av elevane og lærlingane i fylket skal gjennomføre vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Dette talet ligg no på 76 prosent, seier Brekken.

Kvalitetsmeldinga syner også at elevane gjennomgåande har god trivsel, nok faglege utfordringar og god støtte frå lærarane i skolekvardagen.    

Det er framleis ei utfordring å få nok læreplassar, og behovet for fleire læreplassar er størst innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsearbeidarfaget og elektrikarfaget.