Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Samarbeider i kampen mot mobbing

Kontaktpersonar

Jorunn Dahle Jorunn Dahle
Rådgivar/PPT-koordinator
71 28 03 79 /
Mob. 926 44 878
Send e-post

Samarbeider i kampen mot mobbing

I dag og i morgon er rektorar og ressurspersonar frå tre vidaregåande skolar, saman med representantar frå kommunane samla for lære meir om å avdekke og førebygge mobbing. 

Fylkeskommunen og skolane i Møre og Romsdal vil gjere tiltak for å kome mobbing i skolane til livs. No skal dei lage innsatsteam på skolane, noko som er eit nytt tiltak for å førebygge, avdekke og treffe tiltak i mobbesaker.

Tre av dei vidaregåande skolane våre er med i tiltaket. Dette er Atlanten, Fræna og Haram vidaregåande skolar. I tillegg er fleire kommunar er også med. 

Forankring i skolane si leiing ser ut til å vere ein avgjerande faktor for om tiltak lykkast. Derfor skal først rektor og ressurspersonar i skolane få si skolering i to omgangar denne våren. Til hausten skal alle tilsette ved skolane få innsikt i korleis dei kan handle best mogleg for å førebygge, og også vere klar til å avdekke og handle i mobbesaker. 13. - 14. er det første samling for gruppa. 

Fagleg ansvarleg for tiltaket er Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS) .

 

Første samling er på Scandic Seilet 13. og 14. februar

 

Kontaktpersonar:

  • Trond Hansen Riise, PPT Sunndal, Tingvoll og Nesset, mob. 918 050 36
  • Jorunn Dahle, rådgivar, utdanningsavdelinga i fylkeskommunen, mob. 926 44 878