Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Samarbeidsavtale mellom Molde kommune og MRFk

Samarbeidsavtale mellom Molde kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune

Det er inngått ein samarbeidsavtale mellom Molde kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune om å betre gjennomføringa på vidaregåande.

På bildet: Ivar Ola Vereide, Molde kommune og Rune Solenes Opstad, Møre og Romsdal fylkeskommune

Molde kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har underskrive ein samarbeidsavtale. Målet med avtalen er å iverksette målretta tiltak mellom grunnskolane og dei vidaregåande skolane som bidrar til betre gjennomføring, særleg ved at elevar i grunnskolen blir sikra ein god overgang til vidaregåande opplæring.

Avtalen skal også auke kunnskapen om dei ulike skoleslaga blant tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring, samt dei ulike skoleeigarane.

Avtalen er for perioden 2017-19.