Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Skund deg om du vil nominere nokon til prisen for 'Årets lærling'!

Skund deg om du vil nominere nokon til prisen for 'Årets lærling'!

Året nærmar seg slutten og fristen for å nominere dyktige lærlingar til prisen går ut 31. desember 2018. Prøvenemnder, opplæringskontor og lærebedrifter kan sende oss forslag på kven dei meiner er den beste lærlingen i fylket.

Kriterium for å bli valt ut er:

•Ei særs godt gjennomført fag- eller sveineprøve med fagleg kunnskapar og ferdigheiter utanom det vanlege.

•Positive eigenskapar som handlag, nøyaktigheit, flid, effektivitet, ressursutnytting og orden.

Juryen består av medlemmar frå yrkesopplæringsnemnda og utdanningsavdelinga i fylkeskommunen. Prisen blir delt ut i mars 2019.

Heider og ære

I tillegg til heider og ære, får ‘Årets lærling’ 10.000 kroner, diplom og blomster. Det vil også dryppe litt på den aktuelle lærebedrifta, som vil motta diplom og blomster.

Skape blest

Dei siste åra har fylkeskommunen gjennomført kampanjen ‘TENK FRAMTID bli lærebedrift’ for å skaffe fleire læreplassar og påvirke fleire til å velje yrkesfag. Den har vore vellukka så langt og bidratt til fleire lærebedrifter og at fleire har fått lærekontrakt. Kåringa av ‘Årets lærling’ skal også spreie informasjon om fag- og yrkesopplæring og auke interessa for yrkesfaga.