Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Slik skal elevane erfare demokrati

Kontaktpersonar

Tove Regine Stranden Tove Regine Stranden
elev- og lærlingombod
71 28 04 49 /
Mob. 993 01 564
Send e-post

Slik skal elevane erfare demokrati

Ikkje alle skolar tek elevane sine rettar på alvor. Ei ny nettside skal hjelpe ungdom å drive elevrådsarbeid og styrke elevdemokratiet.

Tove Regine Stranden, elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal, meiner den nye nettsida er viktig for elevane sine rettar.

Det er nytt skoleår, og elevane vel tillitselevar til elevrådet. I desse dagar lanserer elev- lærling- og mobbeomboda nettsida www.elevråd.no for å skyte fart i elevrådarbeidet.

Demokratilæring

Men kvifor er elevråd så viktig?

- Jo, fordi elevar som blir tatt på alvor med sine saker, engasjerer seg meir. Når dei deltar aktivt i viktige saker på skolen, skjønar dei kva demokrati er, seier Tove Regine Stranden, elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er elev- lærling og mobbeomboda som lanserer nettsida, i tett dialog med Elevorganisasjonen. Sida skal vere ein digital ressurs for tillitselevar og elevråd.

Bryt rettar

Elevråda opplever at det er stor forskjell på kva støtte dei får frå skoleleiinga på dei ulike skolane. Agathe Waage, leiar i Elevorganisasjonen, meiner at den nye nettsida derfor vil vere viktig for elevane og gi støtte der det trengst.

- Elevar i Noreg opplever alt for ofte at rettane deira blir brote fordi skolane ikkje lyttar til dei, eller fordi elevrådet blir nedprioritert. Når elevane no kan bli kjent med rettane sine er det lettare å sørge for at dei blir oppfylt, seier Waage.

- På nettsida kan dei også finne inspirerande ressursar til korleis dei kan skape reelt elevdemokrati på sin  skole. I elevrådet får elevane erfare demokrati, ikkje bare lære om det i ei bok, avsluttar ho.

Fylkesturné

I haust skal  Stranden og elevorganisasjonen i Møre og Romsdal  besøke alle elevråda ved dei vidaregåande skolane. Målet er å gi nye tillitselevar og elevråd kunnskap og verktøy til å drive elevrådsarbeid. I tillegg blir Elevrådskonferansen arrangert i Møre og Romsdal 25.-26. september for tillitselevar og elevråd.