Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Søkartala er klare: Kva utdanningsprogram er mest pop på vidaregåande skole?

Kontaktpersonar

Geir Løkhaug Geir Løkhaug
Seksjonsleiar
71 28 03 68 /
Mob. 950 35 375
Send e-post
Cecilie  Buaas Cecilie Buaas
Rådgivar
71 28 03 67
Send e-post

Søkartala er klare: Kva utdanningsprogram er mest pop på vidaregåande skole?

Teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag er mest populært, og medier og kommunikasjon og design og handverk har ein opptur. 

Fleire jenter enn gutar vel studiespesialisering. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars hadde 3654 ungdommar søkt om skoleplass på Vg1 i Møre og Romsdal.  Sjå kva og kvar ungdommen har søkt i heile fylket.

Fylkesutdanningssjef Erik Brekken kan vise til nokså stabile søkartal:

- 47 prosent av ungdommen søker studieførebuande, mens 53 prosent søker yrkesfag, omtrent som i fjor. På yrkesfag er teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag klare vinnarar, dette er førstevalet til nesten ein tredjedel av alle søkarane.

Totalt er det 192 fleire elevar som søker vgs i år enn i fjor. Auken skuldast større årskull og omval. 

Fleire søker studieførebuande utdanningsprogram

Dei studiespesialiserande tilboda aukar med om lag 6 prosent. Etter ein nedgang i fjor, har idrettsfag ein liten auke og musikk og  dans og drama 11 prosent fleire søkarar.

Opptur for medier og kommunikasjon og design og handverk

Det er 34 fleire søkarar som har design og handverk som sitt første val, ein oppgang på heile  47 prosent. Medier og kommunikasjon har greidd å snu den negative tendensen frå i fjor og auka med 14 prosent.

Teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag mest populært

Vg1 teknikk og industriell produksjon har 14 prosent fleire søkarar og er no det mest søkte utdanningsprogrammet. Helse og oppvekstfaget fortsett auken frå i fjor med 2 prosent. Til saman har desse to utdanningsprogramma nesten 1000 søkarar.

Restaurant og matfag har snudd trenden

Restaurant og matfag har greidd å snu nedgangen frå dei siste åra og søkinga til faget har auka med 26 prosent.  Det er likevel berre vel 100 søkarar, og det er framleis utfordrande for faget.

Vel tradisjonelt

Det er heller ikkje store endringar i kjønnsfordelinga til studieførebuande og yrkesfaga. Gutar søker til elektrofag, bygg og anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon. Jentene søkjer til design og handverk, kunst, design og arkitektur, musikk, dans og drama og helse- og oppvekstfag. Det er ein liten auke i gutar som søker helse og oppvekstfag.Om lag 60 prosent av søkarane til studiespesialisering er jenter.

Utfordring å skaffe nok læreplassar

1188 ungdomar har søkt læreplass, nokså jamt fordelt på dei ulike faga. Det er ein liten nedgang i enkelte av industrifaga, det same gjeld elektrikarfaget og energimontørfaget.
Det vil også i år bli sett i gang ei mobilisering for å skaffe fleire læreplassar.