Stipendordningar
Stipend praktisk-pedagogisk utdanning eller yrkesfaglærarutdanning i regi av Utdanningsdirektoratet.
Skoleeigar kan søke om:
- utdanningsstipend for tilsette som manglar godkjend lærarutdanning
- rekrutteringsstipend til personar som enno ikkje er tilsett i skolen
Utdanningsstipend
Tilsette i undervisningsstillingar som manglar godkjend lærarutdanning, kan få utdanningsstipend for å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU og PPU-Y) eller yrkesfaglærarutdanning (YFL).
Rekrutteringsstipend
Personar som ikkje er tilsett i skolen, men som skoleeigar ønsker å rekruttere inn, kan få rekrutteringsstipend for å ta YFL eller PPU-Y for å arbeide i skolen.
Dei som kan søke gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune er:
- Dei som allereie har eit tilsettingsforhold i fylkeskommunen
- Dei som søker PPU/PPU-Y og YFL for å kunne bli tilsett i vidaregåande skole
Formålet med stipendordninga er rekruttering og motivasjon til studium. Ein føresetnad er at stipendmottakaren er i studium i heile eller store delar av denne perioden.
Ønsker du å søke gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune, send e-post til:
stipendordning.ppu.yfl@mrfylke.no
Informasjon om stipendordningane på Udir.no:
https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/etter-og-videreutdanning/ppuyfl/
Informasjon om skatteregelverk for stipendet, lenke her:
Oppdatert: 21.01.19