Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Tilsetting av rektor ved Surnadal vidaregåande skole

Tilsetting av rektor ved Surnadal vidaregåande skole

Mons Otnes (46) er tilsett i stilling som rektor ved Surnadal vidaregåande skole under føresetnad av at han kan tiltre seinast 01.09.14.
 

Mons Otnes

Otnes er no ordførar i Surnadal kommune og vil søkje kommunestyret om fritak frå vervet frå 01.09.14 og ut perioden (september -15). Kommunestyret i Surnadal kommune vil behandle søknaden i sitt møte 20.06.14.

Mons Otnes er utdanna diplomøkonom frå BI (1992). I løpet av utdanninga arbeidde han eit semester som lærar og leiar for skolefritidsordninga ved Valsøyfjord barne- og ungdomsskole og gjennomførte førstegongsteneste.

Etter fullført Bachelor starta han som dagleg leiar i Finnmark Røde Kors, ei stilling han hadde fram til 1999 då han starta i prosjektleiarstilling i Nordmøre Næringsråd i prosjektet Heimatt til Nordmøre.

Frå 2000 har han vore tilsett som einingsleiar kultur i Surnadal kommune, ei stilling han no har permisjon frå, medan han er ordførar i kommunen. Frå 2009 har Otnes vore medlem i skoleutvalet ved Surnadal vgs og frå 2012 har han vore leiar i utvalet.