Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Viktig! Hugs å takke ja til skoleplassen din innan 12. juli

Kontakt inntak

Telefon 71 28 01 50

E-post: inntak@mrfylke.no

Viktig! Hugs å takke ja til skoleplassen din innan 12. juli

Har du søkt om skoleplass for vidaregåande opplæring? I år blir det ikkje sendt ut svarkort og purrekort etter 1.inntaket. Det er derfor viktig at du som har søkt skoleplass ved ein av dei vidaregåande skolane våre hugsar å bekrefte plassen din slik at du ikkje mistar tilbodet. Du kan bekrefte skoleplassen din allereie no ved å legge inn førehandssvar på www.vigo.no.

Har du søkt om skoleplass for vidaregåande opplæring? I år blir det ikkje sendt ut svarkort og purrekort etter 1.inntaket. Det er derfor viktig at du som har søkt skoleplass ved ein av dei vidaregåande skolane våre hugsar å bekrefte plassen din slik at du ikkje mistar tilbodet. Du kan bekrefte skoleplassen din allereie no ved å legge inn førehandssvar.

Svarfrist for 1.inntaket er 12. juli

Alle som har søkt skoleplass vil få melding på sms og e-post fra oss ca. 5 juli om å logge på vigo.no for å registrere svar innan fristen 12. juli. Om du ikkje svarar på tilbodet om skoleplass innan fristen 12. juli vil du miste tilbodet om plass / ventelisteplass.

Svarfrist for 2.inntaket er 5. august

Du som får tilbod om plass / ventelisteplass i 2.inntaket får melding om dette ca. 2. august. Svarfrist er allereie 5. august. Om du ikkje har svart innan 5. august vil du miste tilbodet om plass / ventelisteplass og bør ta direkte kontakt med skolen og be om å få stå på lokal venteliste.

Har du hugsa å registrert kontaktinformasjon på vigo.no?

Vi ser at det er fleire søkarar som ikkje har registrert mobilnummer eller e-postadresse på vigo.no. Om du er usikker på om du har registrert kontaktinformasjonen din oppmodar vi deg at du loggar deg inn for å sjekke. Om kontaktopplysningane ikkje ligg inne har vi ikkje moglegheit til å gje deg  viktig informasjon om inntak.

Du kan legge inn førehandssvar på vigo.no

Allereie no kan du svare på skoleplassen din ved å legge inn førehandssvar på vigo.no. Frist for å legge inn førehandssvar er 1. juli.  

Om du som søkar ikkje har tilgang til vigo.no av ulike årsakar, må du sjølv passe på svarfristane. Vi kan hjelpe deg med å legge inn førehandssvar dersom du ønsker det.

Om vigo.no ikkje fungerer slik det skal og du ikkje får svart på skoleplassen du ta kontakt med oss. Du kan ta kontakt med oss på telefon 71 28 01 50 eller e-post inntak@mrfylke.no. Frå 5. juli har vi telefontid frå 09-11 og 12-14.