Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Vil ha fleire jenter i elektrofag

Kontaktpersonar

Anne Hilde Moldver
Lærer
Mob. 996 96 940
Send e-post

Vil ha fleire jenter i elektrofag

Jentene vel ikkje vekk dei tekniske faga, dei vurderer dei ikkje i det heile tatt. Med prosjektet ‘Jenter i Elektro’ skal fleire jenter få auga opp for elektrofag i vidaregåande skole.

Prosjektleiar Anne Hilde Moldver oppmodar jenter til å velje elektrofag i prosjektet 'Jenter i elektro'.

Prosjektet starta i august og skal gå over to år i Romsdal og på Nordmøre. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har tatt initiativ til prosjektet.

- Kan ikkje jenter og gutar bare få velje som dei vil?

- Alle skal få velje det dei har lyst til. Det som er viktig å tenke på, er at det elevane har lyst til ofte heng saman med kva dei veit noko om og kva dei definerer som mogleg for seg sjølv, seier prosjektleiar Anne Hilde Moldver, som til dagleg er lærar ved Romsdal vidaregåande skole.

Skolebesøk

For å få til dette, skal prosjektet med Moldver i spissen besøke ungdomsskolar og prate med elevar, men også lærarar og rådgivarar. Det skal etablerast nettverk for jenter som vel elektrofag og kommuniserast på sosiale medier. Sunnmøre er førebels ikkje med i prosjektet, men vil kunne fungere som ei kontrollgruppe for å sjå om tiltaket har effekt

-  I Noreg har likestillinga på mange måtar kome langt, men likevel er knapt 10 prosent av elevane jenter på elektrofag, i Møre og Romsdal. Erfaring frå tilsvarande prosjekt andre stadar i landet har gitt gode resultat, og vi har god tru på effekten også her, seier Moldver.

Karianne Svenning

Karina Svenning er ei av dei knapt 10 % jentene som har valt elektro, og går på Romsdal vidaregåande skole. Ho trives godt, og planen er å bli elektrikar.

Utvide valhorisonten

Eit mål for prosjektet er å utvide elevane sin horisont, mellom anna ved å gjere dei bevisste på tradisjonelle kjønnsstrukturar. I praksis vel gutar og jenter svært kjønnstradisjonelt og arbeidsmarknaden er fortsatt prega av sterk kjønnsdeling.

-Å gjere elevane bevisste på den kjønnsdelte arbeidsmarknaden handlar ikkje om å presse fleire til å velge utradisjonelt, men å opne opp horisonten slik at dei blir meir klar over kva dei faktisk kan velje, seier prosjektleiaren.

- Jenter har mykje å bidra med i elektrofag, ikkje minst for arbeidsmiljøet. Det er inga hindring å være jente i et elektrofag. Mange tenker på at det vil vere tunge løft, men det er nok fleire tyngre løft for ein helsearbeidar enn for eksempel ein elektrikar, avsluttar Moldver.

Prosjektet blir å treffe på Karrieredagane som skal gjennomførast i september.

 

11.-13. september - Molde

19. september – Surnadal

20. september – Kristiansund