Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

UPA skole

Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA) tek imot ungdommar frå Møre og Romsdal fylke i alderen 12 til 18 år. Medan dei er her, er dei elevar ved UPA skole.

Vi held til i to bygg rett aust for Ålesund sjukehus. Det eine bygget inneheld to pasientpostar, administrasjon og ei leilegheit der familiemedlemmar kan bo i kortare eller lengre tid.
Skolen ligg i det andre bygget like ved.

På Ungdomspsykiatrisk avdeling og skole arbeider legar/psykiatrar, psykologar, miljøterapeutar og pedagogar. Desse er organisert i team rundt kvar ungdom, miniteam.

Målgruppe:

Ungdommar som er eller har vore innlagde på UPA.

Ungdommar som har eit ambulant tilbod.

Oppgåvene til skolen:

- undervisning
- pedagogisk kartlegging
- råd og rettleiing til eksterne samarbeidspartnarar

UPA skole ønsker å samarbeide med heimeskolen til elevane før, under og etter opphaldet.

UPA skole kan gi pedagogisk tilbod til barn/ungdom som er innlagt ved ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA) og dei som får tilbod gjennom ambulant team. Avdelinga har plass til seks ungdommar i alderen 12-18 år frå Møre & Romsdal. Skolen gir undervisning inntil 25 timer per veke. Timeplanen består av både teoretiske og praktisk-estetiske fag, med vekt på dei praktisk-estetiske faga. Undervisningsforma er gruppe- og/eller eineundervisning. Annankvar torsdag har vi aktivitetsdag utanfor skolen. Skolen gjennomfører pedagogisk kartlegging og observasjon. Vi nyttar m.a "kartleggeren" ved starten av opphaldet for å finne eleven sin ståstad i faga norsk, engelsk og matematikk.

Praktisk-estetiske fag

UPA skole legg vekt på dei praktisk-estetiske faga: kunst og handverk, musikk, kroppsøving, heimkunnskap, media og aktivitetsdagar. I tillegg til faga sin eigenverdi gir dei gode tilhøve til samhandling på tvers av alder og føresetnader.