Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Skoletilbud

UPA skole gir pedagogisk tilbod til barn/ungdom som er innlagt ved ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA). Avdelinga har plass til åtte ungdommar i alderen 12-18 år frå Møre og Romsdal. Skolen gir undervisning inntil 25 timer per veke. Timeplanen består av både teoretiske og praktisk-estetiske fag, med vekt på dei praktisk-estetiske faga. Undervisningsforma er gruppe- og/eller eineundervisning. Annankvar torsdag har vi aktivitetsdag utanfor skolen. Skolen gjennomfører pedagogisk kartlegging og observasjon. Vi nyttar m.a ”Kartleggeren” ved starten av opphaldet for å finne eleven sin ståstad i faga norsk, engelsk og matematikk.

Praktisk-estetiske fag

UPA skole legg vekt på dei praktisk-estetiske faga; kunst og handverk, musikk, kroppsøving, heimkunnskap, media og aktivitetsdagar. I tillegg til faga sin eigenverdi gir dei gode tilhøve til samhandling på tvers av alder og føresetnader.