Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > UNG > Elev- og lærlingombodet

Elev- og lærlingombodet

Elev- og lærlingombodet

Elev- og lærlingombodet skal hjelpe elevar og lærlingar om dei har spørsmål knytt til vidaregåande opplæring, eller om det er noko dei treng hjelp til å klage på. Det er gratis og uforpliktande å ta i bruk ombodet. Elevar og lærlingar kan når som helst i ein prosess kople på ombodet etter eige ønskje. Ombodet kan hjelpe alle under vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, også dei private vidaregåande skolane.

Elev- og lærlingombodet kan mellom anna:

  • - hjelpe til med klager viss det er noko ved skolen eller i opplæringa som ikkje er som det skal
  • - svare på spørsmål frå elevar og lærlingar
  • - jobbe for å styrkje elevar og lærlingar sin medverknad i opplæringa
  • - informere om rettar og plikter
  • - leggje til rette for velfungerande elevråd
  • - halde kurs i tema som er relevante for elevar og lærlingar, elevrådet og skulen
  • - ta opp einskildsaker på vegne av lærlingar, elevar, elevråd eller skoler

Elev- og lærlingombodet har taushetsplikt jmf forvaltningslova §13. Alle henvendelsar til ombodet blir handsama i samsvar med bestemmingane i offentlegheitslova.

Av og til kan ombodet ha behov for å drøfte innsendte saker med ein tredjepart (for eksempel ein rådgivar i fylkeskommunen si utdanningsavdelin) for å forsikre seg om at det svaret eller den saksbehandlinga du får er best mogleg. Merk difor av for korleis du vil at meldinga di skal handsamast.

Alle som har spørsmål eller saker dei vil diskutere, foreksempel elevar, lærlingar, lærekandidatar, føresette, tilsette i skolen og lærlingansvarlege, kan ta kontakt. 

Melding til elev- og lærlingombodet

Kontaktpersonar

Tove Regine Stranden Tove Regine Stranden
elev- og lærlingombod
71 28 04 49 /
Mob. 993 01 564
Send e-post