Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

UNG

Ungdom og medverknad er ei prioritert oppgåve for Møre og Romsdal fylkeskommune. UNG-koordinatoren og elev- og lærlingombodet arbeider for at ungdom skal kunne ha reell påverknad og medråderett i skolekvardagen og samfunnet elles.

Ung medverknad:

Kva?

  • Påverknad, deltaking og medråderett i saker som angår unge sin kvardag
  • Demokratiopplæring i praksis

Kvifor?

  • Unge har rett til å seie meininga si, og deira meining skal bli tatt på alvor (Barnekonvensjonen art. 12)
  • Det er berre ungdom som veit korleis det er å vere ungdom
  • Det skal vere godt for unge å bo og leve i Møre og Romsdal

Korleis?

Det finst mange måtar å påverke på. Møre og Romsdal fylkeskommune legg til rette for ung medverknad gjennom

  • elevråd
  • ungdommens fylkesting og ungdomspanelet
  • samarbeid med elevorganisasjonen
  • samarbeid med ungdomsråda i kommunane
  • arbeid med barn og unge som gjennomgåande perspektiv i fylkesplana