Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > UNG > UNG > Ressurs for ungdomsråd

Ressurs for ungdomsråd

Her er ti tips og triks til korleis ein kan drive gode kommunale ungdomsråd i Møre og Romsdal. Intensjonen er å hjelpe ungdomsråd i fylket i arbeidet deira med ung medverknad.

 

1.Ver synleg

Det er viktig at ungdom i kommunen kjenner til ungdomsrådet, sidan det er denne gruppa ungdomsrådet representerer. Ungdomsrådet bør sørge for informasjon til nye ungdomsskoleelevar kvart år i forkant av nytt val.

Ein god måte å spreie kunnskap om ungdomsråd og kva dei driv med, kan vere skolebesøk. Gjer det gjerne i forkant av eit større arrangement som rådet skal gjennomføre. Eksempel på arrangement kan vere UKM (ung kultur møtes), UFT (ungdommens fylkesting) eller ein ungdomskonferanse. Det kan vere lurt å dele ansvaret for skolebesøk mellom medlemmane i rådet. På denne måten får fleire erfaring med å halde foredrag, og det er gunstig med tanke på fråvær. I desse foredraga kan ungdomsrådet sitt arbeid presenterast, i tillegg til informasjon om kommande arrangement. Alle skolar bør inkluderast.  På dei fleste skolar får du halde korte innlegg om det blir avtalt med lærer på førehand.

Ungdomsrådet kan gjerne ha ei Facebook-side ev. ein Instagram-konto der dei kan dele det dei jobbar med, og få ungdommane i kommunen til å følgje. Lat nokre av medlemmane få særleg ansvar for å drifte desse. Statusar kan oppdateras i ny og ne med saker rådet har hatt til gjennomgang, møteaktivitet eller ved besøk på konferansar og liknande. Det kan vere lurt å like andre kommunar sine ungdomsrådssider og sjå kva dei arbeider med og kva saker dei brenn for. På denne måten dannar ein eit fellesskap mellom ungdomsråda.

 

2. Korleis gjennomføre val av ungdomsråd

Val av medlem til ungdomsrådet bør skje på ein ungdomskonferanse i kommunen der alle har moglegheit til å delta og fremje sitt kandidatur. Ha ei valordning som gjer at halvparten av medlemmane blir skifta ut kvart år. La faste medlemmar bli valt for to år.

Når det skal veljast inn nye medlemmar til eit ungdomsråd, kan det vere fleire måtar å gjere dette på. Ein av desse er ved ein større konferanse for alle ungdommane i kommunen. Gjennomfør gjerne dette i kommunehus eller rådhus, og sørg for å få inn dyktige debattantar og føredragshaldarar. Kor lenge det skal vare er opp til ein sjølv, men ein heil skoledag er eit godt utgangspunkt. Det er også mogleg å finne alternative valmetodar eller behalde allereie eksisterande variantar. Nokon vel ungdomsråd utifrå elevråda. Det er viktig å ha ein valmetode som sikrar ei variert samansetning av rådet.

Alderssamansetjinga i eit ungdomsråd kan være særs varierande. Dette kan føre til at samarbeid blir vanskeleg. Korleis ein taklar dette varierer frå råd til råd. Erfaring frå ulike ungdomsråd seier at god spreiing er bra. I mange kommunar kan ungdom frå 13-19 år stille til val og bli med i ungdomsrådet. Dette blir fastsatt i vedtektene. Det er gjerne ein fordel å ha nokre eldre medlemmar, da desse kan stille med bilkøyring og generelt sett sit på meir erfaring enn dei yngre.

Når ungdomsrådet skal setjast saman, bør ein heller vektlegge gode kandidatar, framfor lik kjønnsfordeling. Kjønnsbalanse i ungdomsråd kan være vanskeleg. Vår oppmoding er at ein ikkje fastset eit forhold gutar/jenter som skal gjelde til ei kvar tid. Prøv heller å få tak i dei ungdommane som er mest engasjert, men jobb for ein viss balanse i den grad det er mogleg.

 

3. Bli-kjent-aktivitetar og arbeidsmetodar

For at alle i rådet skal tørre å kome med innspel,  er det viktig at medlemmane i rådet blir godt kjent med kvarandre. Arbeidsmetodane i rådet må også tilpassast medlemmane sin alder, og det kan vere hensiktsmessig å variere mellom felles diskusjonar, gruppearbeid og ulike idémyldringsaktivitetar for eksempel ved bruk at post-it-lappar eller tankekart. På denne nettsida ligg det eit dokument med forslag til ulike bli-kjent-aktivitetar som kan brukast ved oppstart i ungdomsråda.

Det er lurt å ha ei lukka gruppe på Facebook, og ev. ein chat, der ein kjapt kan legge ut beskjedar og medlemmane kan diskutere i mellom møta. Nokre ungdomsråd brukar ei eiga Snapchat-gruppa for medlemmane i ungdomsrådet for å knytte band og bli betre kjend med kvarandre.

 

4. Møteorganisering

Ha møta på eit tidspunkt som passer for dei fleste, det vil ofte bety etter skoletid. Ha heller fleire kortare møte i staden for nokre få, veldig store møte. Det er lurt å ha ein nokså fast møteplan, slik at ungdommane kan planlegge fram i tid, og så  veit ein at møta blir gjennomført. Finn den vekedagen som passar best og bruk det som utgangspunkt. Det kan vere vanskeleg å ta møte på sparket, og ein kan ende med stort forfall når ein ikkje har hatt moglegheit til å planlegge i forkant. 

Lengda på møta kan variere. Om det er store arrangement som skal gå av stabelen om ikkje så altfor lenge, er det vanleg at desse møta treng meir tid enn møter med færre sakar å ta opp. Erfaring seier at det er betre å ha fleire møter som varar i ca. to timar, enn møter som er lange og tunge. 

Både medlemar og varamedlemar kan vere tilstades på møte. På den måten inkluderer ein alle, og får mykje innspel på ulike saker. Det er berre faste medlemar som har stemmerett, med mindre vara er kalla inn på møtet fordi nokon har meldt forfall. Det er leiar av ungdomsrådet som leiar møtet, medan koordinator skriv protokoll. Dersom det oppstår situasjonar der det er tvil om kva rådet skal meine/gjere, avgjer ein det ved avstemming eller einigheit.

Å “reservere” dei 10 dagane i “10-dagers regelen” (jf. forskrift til opplæringslova, §3-47, femte ledd, bokstav c) til deltaking på konferansar i kommunen og liknande kan vere lurt for å hindre mykje fråvær. Elevar i vidaregåande skole kan ha fråvær frå undervisning utan at dette påverkar fråværsgrensa på 10 prosent for å få sluttvurdering i fag, dersom eleven kan dokumentere at årsaka til fråveret er politisk arbeid (jf. forskrift til opplæringslova, §3-3, siste ledd).

 

5. Koordinator

Ungdomsrådet bør ha ein koordinator som er tilsett i kommunen. Helst bør koordinator ha fastsatt nokon prosentar av stillinga si til ungdomsarbeid. Koordinator står for mykje av organiseringa i ungdomsrådet og skriv sakspapir. Det er viktig at koordinator er ein passiv medspelar som ikkje styrar møta på nokon måte. Koordinator sit som regel med mykje kunnskap, men skal ikkje nemne sitt syn, med mindre koordinator er bedt om det av rådet.

 

6. Førebuing av saker

Alle politikarane i kommunestyret, og dei som er tilsett i administrasjonen i kommunen, bør bli oppmoda om å melde inn saker til behandling i ungdomsrådet.

Ungdomsrådet er eit rådgivande utval for kommunestyret, og dei må derfor få moglegheita til å faktiske kome med råd og innspel. Leiar, nestleiar og koordinator bør ha eit særleg ansvar for å finne saker til ungdomsrådet. Sørg for at alle medlemmane i ungdomsrådet får sakslista i god tid før møtet, slik at dei kan førebu seg og diskutere sakene med vener, heime osv.

Ungdomsrådet kan òg kome med egne saker. Snakk med ungdommen i kommunen, kva er dei opptatt av? Samarbeid gjerne med elevråda i kommunen, dei sit på mykje informasjon om saker som angår ungdom i kvardagen.

 

7. Korleis få gjennomslag for ei sak?

Det er ikkje alltid like lett å få gjennomslag for ei sak som ungdomsrådet brenn for. Tre tips er:

  • timing
  • bli kjend med politikarane
  • aksjonering

Det er viktig å vite når ungdomsrådet kan påverke. Det er ikkje vits å kome og meine noko når ei sak allereie er ferdig utarbeida og vedtatt i kommunestyret. Samarbeid med koordinator i kommunen om å snappe opp saker tidleg, og bruk tid på å lære dykk litt om gangen i ei sak, for eksempel i plansaker.

Å bli kjend med politikarane kan vere avgjerande for om ungdomsrådet får gjennom sine meiningar eller ikkje. Førebu nokre argument rundt ei sak og ta ein kaffi med ein politikar. Inviter dei på ungdomsrådet sine møte eller møt opp der ungdomsrådet har talerett.

Om de ikkje føler at politikarane vil høyre, så kan de sette i gong ein aksjon. Målet med å aksjonere er å rette søkelyset mot ei spesiell sak, eller å få merksemda til politikarane. Her må ungdomsrådet bruke kreativiteten i rådet og finne den metoden som passar til saka. Ein aksjon må gjerne vere vinkla positivt og treng absolutt ikkje å innebere for eksempel eit demonstrasjonstog. Kva med å arrangere ein temadag om rus blant unge, sykle til jobb/skole-aksjon for å ta vare på miljøet eller inviter til idédugnad rundt korleis ungdommen vil at kommunesenteret skal sjå ut?

Bruk media til å vise til ungdomsrådsarbeidet. Ta kontakt med lokalavisa, send over sakene dykkar, skriv pressemeldingar og ver synlege.

 

8. Arrangement

I løpet av året er det gode moglegheiter for eit ungdomsråd å halde arrangement. Dette bidreg til at rådet blir sett i kommunen.

UKM og ungdomskonferanse (med val av nytt råd) er i den samanheng kanskje det viktigaste. Det er også fleire ulike arrangement som ungdomsråda blir invitert på i løpet av eit år. Vi anbefaler å sende representantar både til ungdommens fylkesting (UFT) og til forberedande arrangement til UFT. Kven som skal få reise blir bestemt i ungdomsrådet. Del gjerne arrangementa mellom medlemmane slik at flest mogleg får delta på noko. Det bidrar til auke motivasjon og engasjement blant medlemmane.

Ved planlegging og gjennomføring av større arrangement og konferansar er det lurt å sette ned ei arbeidsgruppe på 3-4 personar, der ein fungerer som gruppeleiar. Gruppa arbeider med koordinator og rapporterer til resten av rådet om korleis det går med arbeidet undervegs.

 

9. Politikarkontaktar

Ungdomsrådet bør ha politikarkontaktar/mentorar som sit i kommunestyret, slik at dei har nokon å ta kontakt med om dei lurer på noko, eller ønsker å rette søkelyset mot noko som ikkje fungerer. Desse har fått eit særleg ansvar for kontakt med ungdomsrådet og kan vere nøkkelen til påverknad. Bruk dei!

 

10. Partipolitisk sjølvstende

I ungdomsrådet sitt arbeid representerer medlemmane i ungdomsrådet ungdommen i kommunen. Derfor er det viktig at dei er bevisst rolla si og ikkje er farga av partipolitikk. Å ha retningslinjer for dette er viktig.

   
   

Dette er nokre tips til arbeidet med ungdomsråd i kommunane. Om det er noko de lurer på er det berre å sende ein e-post til ungdomspanelet@mrfylke.no. Send også gjerne ein e-post om ditt ungdomsråd gjer noko som fungerer veldig bra, og som de vil dele med andre ungdomsråd i fylket.