Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > UNG > Ungdommens fylkesting (UFT)

Ungdommens fylkesting (UFT)

UFT 2016

Kvar haust arrangerer Ungdomspanelet og Møre og Romsdal fylkeskommune Ungdommens fylkesting (UFT). UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. og dei diskuterer viktige saker som gjeld ungdom i fylket. I tillegg vel dei eit ungdomspanel som sitt arbeidsutval som jobbar mellom kvart fylkesting. UFT lagar eit handlingsprogram som ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året.

Kvar kommune er representert med to ungdomsrepresentantar.Vedtak fatta av UFT er viktige og rådgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart år blir det invitert forskjellig gjestar som stiller med kunnskap og engasjement.

Gjennom UFT og ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal få reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdommens samfunnsengasjement. UFT og ungdomspanelet skal stimulere til politisk engasjement, samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.

Har du spørsmål til ungdomspanelet om ungdommens fylkesting, send epost til: ungdomspanelet@mrfylke.no

 
Påmelding Ungdommens fylkesting 2017
Representant 1
Representant 2
Vararepresentant 1
Vararepresentant 2
Kommunal kontaktperson/koordinator
Viktig å sende tilbake samtykkeskjema som ligg ved innkallinga
Koordinator UFT: Lovise Almklov tlf. 452 66 018

Kontaktpersonar

Lovise Almklov
UNG-koordinator
71 28 00 10 / Mob. 452 66 018
Send e-post