Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Årets ungdomskommune

Årets ungdomskommune

Kvar haust delar ungdommens fylkesting ut prisen Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Prisen skal gå til kommunar som blant anna har utmerka seg ved å leggje til rette for medverknad for ungdom.

 

Har du spørsmål ta kontakt med ungdomspanelet på ungdomspanelet@mrfylke.no

Tidlegare vinnarar

2017: Halsa kommune

2016: Smøla kommune

2015: Eide kommune

2014: Herøy kommune

2013: Nesset kommune

2012: Surnadal kommune

2011: Herøy kommune

2010: Halsa kommune

Retningslinjer

1. Prisen "Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal " delast ut årleg av ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

2. Prisen skal gå til kommunar som har utmerka seg ved å:

  • Legge til rette for medverknad for ungdom
  • Skape gode møtestader for ungdom
  • Bidra til eitt allsidig fritidstilbod for ungdom, eller
  • På anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen

3. Prisen delast ut i innan april året etter at kåringa er gjort og gjeld inneverande år.

4. Kommunar kan nominerast av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke.

5. Nomineringa skal sendast i skriftleg form til ungdomspanelet innan den annonsert fristen.

6. Nomineringsbrevet må innehalde ei grunngjeving for nomineringa

7. Ungdomspanelet pliktar å gjere prisen kjent for alle kommunane i fylke, samt å annonsere prisen godt.

8. Ungdomspanelet sett kvart år frist for nominering, og planlegg informasjonsstrategi for prisen.

9. Ungdomspanelet står fritt til å velje blant innkome nominasjonar før dei leggast fram for Ungdommens Fylkesting.

10. Medlemer i ungdomspanelet kan ikkje nominere kommunar til prisen. Heller ikkje presentere nominasjonar for Ungdommens Fylkesting.

11. Mottakar av prisen er offentleg når avgjerda er tatt, men møtet vert lukka under handsaminga.

12. Prisen består av eit diplom og kroner 10 000 som ungdomsrådet/ungdommens kommunestyre i Årets ungdomskommune skal nytte til prosjekt/tiltak som vil gagne ungdom.

13. Ungdomspanelet tek atterhald om retten til ikkje å dele ut prisen.