Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > UNG > Ungdomspanelet (UP)

Ungdomspanelet (UP)

Ungdomspanelet (UP)

Handlingsprogrammet vedtatt på ungdommens fylkesting gir retning til kva ungdomspanelet skal jobbe med i løpet av perioden.

Dette er handlingsprogrammet for 2017/2018:

Hovudsatsingar:

  • Ungdom og rus
  • Miljø og klima
  • Yrkesfag og læreplass
  • Likestilling

Utdanning:

  • Arbeide aktivt for fleire læreplassar i fylket
  • Førebyggje fråfall i den vidaregåande skulen, med særleg fokus på dei yrkesfaglege studieretningane
  • Arbeide aktivt for formidling av elevar sine rettar på skulen
  • Skape eit tettare samarbeid med elev- og lærlingombodet, samt Elevorganisasjonen

Samferdsel:

  • Arbeide for å betre kollektivtilbodet til ungdom i fylket
  • Arbeide for at prisane på kollektivtilbodet og periodebillettar ikkje aukar
  • Betring av kvelds- og nattilbod av transportmoglegheiter for og til unge

Helse:

  • Arbeide for å styrke skulehelsetenesta i fylket
  • Ha eit fokus på synleggjering av tilbod retta mot mental helse
  • Arbeide for Elevorganisasjonen si norm på ei tilsett helsesyster per 200 elever blir fylgt opp
  • Auke kunnskap om rusmidlar blant unge i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Lovise Almklov Lovise Almklov
UNG-koordinator
71 28 00 10 /
Mob. 452 66 018
Send e-post

Ungdomspanelet

Ungdomspanelet er ungdommens fylkesting sitt arbeidsutval. Dei har om lag 9 møte i året og skal representere ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå og ha kontakt med lokale ungdomsråd. Gjennom ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. Ungdomspanelet skal vere eit høyrings- og rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ungdomspanelet kan sjølv ta opp saker dei ønsker fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.

Ungdomspanelet har ni medlemmar og fem varamedlemmar. Medlemmane skal veljast frå representantane på ungdommens fylkesting og det sittande ungdomspanelet. Medlemane i UP blir valt for to år og skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år som har tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden.

Spørsmål: ungdomspanelet@mrfylke.no 

Snarvegar