Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Val av ungdomspanel

Under Ungdommens fylkesting skal det veljast nytt Ungdomspanel (UP). UP er arbeidsutvalet til UFT og dei har om lag 9 møter i året. Eit år i UP er svært spennande, gjev unike moglegheiter til å bli kjent med andre ungdommar, det politiske systemet i fylket samt dra på ulike kurs og seminar. Dei som har spørsmål til vervet i UP eller kan tenkje seg å stille til val kan ta kontakt med koordinator.

Verdt å merke seg:

  • Ungdommens fylkesting vel ni medlemmar og fem varamedlemmar til ungdomspanelet. Ungdomspanelet skal bli valt frå representantane på ungdommens fylkesting og det sittande ungdomspanelet. Alle dei tre regionane skal vere representert, og det skal vere kjønnsbalanse jf. likestillingslova § 13. Det bør vere ei balansert samansetting frå by og land.
  • Ungdomspanelet skal vere partipolitisk nøytralt. Leiar og nestleiar kan i lys av dette ikkje ha verv i partipolitiske organ på fylkesnivå. Dette bør også være ei norm for dei resterande medlemmane i panelet.
  • Ungdomspanelet skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år med folkeregistrert adresse i fylket, i den aktuelle valperioden.
  • Medlemmane blir valt for to år, og halvparten er på val kvart år. Leiar og nestleiar blir valt kvart år. Varamedlemmane blir valt for eitt år.