Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Search > Advanced

Avansert søk


Ny rettleiar for kommunal planstrategi

Ein ny rettleiar for arbeidet med kommunal planstrategi er no utgjeve av Miljøverndepartementet. Rettleiaren utdjuper lovkommentaren til plan- og bygningslova og gjev rettleiing i korleis ein kommunal planstrategi kan utarbeidast etter bestemmingane i § 10-1 i lova.

Les meir

Planprogram Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har i sak U-151/11 lagt
Planprogram Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap
ut til høyring og offentleg ettersyn, jf. pbl §§ 4-1 og 8-3.

Les meir

Stor interesse for konferansen universell utforming i sentrum

Tysdag 30. november inviterte Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal til konferanse om universell utforming på Rica Seilet Hotel i Molde. Det var stor interesse for konferansen med vel 110 deltakarar.

Les meir

Invitasjon til seminar 1. februar

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kontaktpersonar for arbeidet med nasjonal handlingsplan for sikra friluftsområder til ei ny samling i forbindelse med utviklingsdelen.

Les meir

Plankonferansen 2011

Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Statens Kartverk arrangerte plankonferanse om plandelen i plan- og bygningslova 9.-10. november i Molde.

Les meir

Ny verdsarvpolitikk

Miljøverndepartementet har starta arbeidet med ein ny verdsarvpolitikk, og inviterer alle til å kome med synspunkt på ein eigen blogg om arbeidet.

Les meir

Nasjonal handlingsplan

Fylkeskommunen har frå Miljøverndepartementet fått oppfordringar om å medverke til ein nasjonal handlingsplan for sikring og tilrettelegging av friluftsområde.

Handlingsplanen krev kartlegging. Framdrifta for fylkeskommunen sin del vil vere slik at vi i løpet av hausten 2011 tek sikte på å gjennomføre eit forprosjekt. Dette vil i meir detaljert grad klargjere elementa i hovudprosjektet organisering, finansiering og gjennomføring.

Offentleg ettersyn av Regional delplan for villrein – Ottadalen

I medhald av plan- og bygningslova §8-3 vert forslag til Regional delplan for villrein – Ottadalen lagt ut til offentleg ettersyn og høyring.

Les meir

Regional delplan for villrein Ottadalen - høyringskonferanse 8. januar

Regional delplan for villrein - Ottadalen er lagt ut på offentleg ettersyn og høyring. Tysdag 8. januar blir det arrangert ein open høyringskonferanse om planen i Lom.

Les meir

Ny utgåve av Kommunestatistikk på nett

Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidde i 2011 for første gong ein statistikkpakke for kvar kommune i fylket. Denne pakken er no blitt oppdatert med dei nyaste tilgjengelege tala. Her finn ein ei tettpakka samling av nøkkelinformasjon og statistikkar til dømes knytt til folketalsutvikling, sysselsetting og næringsliv.

Les meir