Digitale læremidler og verktøy

Som elev skal du bruke digitale verktøy og tenester til å lære fag. Her finn du mellom anna informasjon om bruk av nettet, lagring, digitale tenester og læremiddel, pålogging og lagring. I tillegg har skolane eigne rutinar du må vite om. Du kan lese meir om PC-ordninga her.

Det er mange måtar å logge seg på trådlause nettverk, alt etter kva operativsystem og programvare som er installert på datamaskina di. Dei fleste maskinar søker opp trådlause nettverk av seg sjølve.

Tre trinn til pålogging

1. Du må passe på at det trådlause nettverkskortet er slått på/ aktivert (på ein del maskiner er det ein brytar som slår på og av trådlaust nettverk).

2. Ved aktivering finn du vanlegvis eit ikon nede i høgre hjørne. Dobbelklikk på dette.

3. Du vil her få opp ei liste over dei trådlause nettverka maskina di har oppdaga.

Bruk av det trådlause nettet

Nettet på skolane skal brukast til fag. Unngå streaming av video og lyd og store nedlastingar som ikkje er relatert til undervisninga. Det kan bli nødvendig å stenge for ein del tenester for streaming av innhald.

FEIDE

Møre og Romsdal fylke brukar FEIDE (Felles Elektronisk IDEntitet). Dette er ei innlogging som skal verne om identiteten din. Målet er at du kun skal skrive brukarnamn og passord ein gong for å kome inn på dei ulike systema (SkoleArena, ItsLearning, Office 365, Google G-Suite osv).

Første gong du loggar deg på

Bruk “fellesbrukar” for å kome på det trådlause nettet - Denne får du på skolen. Fellesbrukaren blir deaktivert cirka 15.september.
Kople til det trådlause nettverket for på skolen for å aktivere Feide-brukaren din på: https://brukerid.mrfylke.no - Elevnummeret ditt får du utlevert ein av dei første dagane på skolen. Nummeret treng du for å registrere deg.

Gløymt passord

Har du gløymt passordet på FEIDE-brukaren din, kan du gå inn på brukerid.mrfylke.no.

Nettet på skolane skal brukast til læring i fag.

Gode råd:

  • Unngå streaming av video og lyd og store nedlastingar som ikkje er relatert til undervisninga.
  • Gå aldri frå maskina di utan tilsyn.
  • Lås datamaskina di inn i skap i klasserommet ditt når du ikkje passar på den sjølv.
  • Snakk med dei føresette om forsikring av utstyret ditt. Ved tjuveri er det di eiga forsikring som skal dekke tapet.
  • Pass godt på brukarnamnet og passordet ditt. Bruk trygge passord (Vi anbefalar minst 8 tegn + store og små bokstavar og tal.)
  • Du kan bli ansvarleg for det andre gjer om dei får tilgang til brukaridentiteten din. 

Sjå også IKT-reglementet som er ein del av ordensreglementet for elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Begge programpakkane inneheld tekstbehandlar, rekneark, presentasjonsprogram og mykje meir. Dei eignar seg svært godt for samarbeid og deling. 

Logg deg inn med skolekontoen du har fått tildelt. Feidebrukar etterfølgt av @ 

G SuiteOffice 365
Brukar: feidebrukar@gapps.mrvgs.noBrukar: feidebrukar@o365.mrvgs.no
Passord: FeidepassordPassord: Feidepassord

 

For å få tilgang til programpakkene må du gå til sida for innlogging til tenestene :

 

NB! Krav for gyldig passord i Office 365/G Suite er:

1.minimum 8 tegn og maks 16 tegn 
2.en liten bokstav 
3.en stor bokstav 
4.ett tall 
5.Kan ikke inneholde brukernavn, fornavn eller etternavn 

Skift passord på brukerid.mrfylke.no

Du er sjølv ansvarleg for å lagre data som du treng i skolearbeidet ditt på ein trygg måte, og for at desse dataene er tilgjengelege når du treng dei.

Du kan lagre på desse måtane:

LagringsmediumFordelUlempe
HarddiskKan lagre mykje data, men må ha backup av viktige filerEr bunden til ei maskin
InternettKan lagrast som epost-vedlegg eller på Office 365 eller G-suite der de allereie har tilgang.Må har tilgang til internett
Ekstern harddiskDu kan kople desse til maskina via USB-inngang.  
Minnepenne (USB)Rimeleg og mobilEr ein sikkerhetsrisiko når den blir brukt mellom fleire ulike pc-ar.
OneDrive1 TB lagring på nett. Data kan synkroniseres mot lokal maskin. 
Google DriveIngen begrensning. Data kan synkroniseres mot lokal maskin. 

 

Ein katalog pr fag

Når du brukar datamaskina di til skolearbeid, er det viktig at du har eit system som gjer det lett å finne dokument og datafiler. Dette kan vere arbeidsteikningar eller ulike prosjekt/arbeid i faga dine.

På dei aller fleste datamaskinar er det ei mappe som heiter Dokumenter. Her bør du lagre alt skolearbeid. Lag mapper for kvart fag. Gi mappene dine namn slik at du lett ser kva som er i dei, f.eks ”Norsk” eller ”Naturfag”.

Samskrivingsprogram

Det finst også ei rekke program på internett til tekstbehandling, rekneark, etc. Desse har også den eigenskapen at du kan dele dei med andre, slik at fleire kan skrive på samme dokument eller rekneark samtidig. Men ver merksam på vilkåra for bruken i slike program og ta vare på personvernet ditt. I Møre og Romsdal fylkeskommune har vi tilgang på samskrivingsprogram frå Microsoft (Office 365) og Google (Google G-suite).

Eksempel på gratis samskrivingsprogram:

Gratis samskrivingsprogramPresentasjonsprogram

Google Docs

SlideRocket

MS Powerpoint/
Powerpoint Online

Google Sheets

 

Snarvegar

Kontakt