Læremiddel og digitale tenester

Du har tilgang til fleire digitale tenester og læremiddel på dei vidaregåande skolane våre.

Utvalet vil variere noko frå skole til skole. Ta kontakt med skolen din for å finne ut kva dei tilbyr. 

Elevane har rett til læremiddel på ønska målform, nynorsk eller bokmål. Du kan lese meir om retten du har til målform her.

Det første du får opp når du er pålogga nettverket til skolen, er Elevportalen.

På Elevportalen får du mellom anna tilgang til ei rekke tenester som du treng i undervisninga og som gjer det lettare å finne fram i informasjonen.

Elevportalen er også tilgjengeleg frå skolen si nettside under fana "framsida". 

It's learning er læringsplattforma (LMS) til Møre og Romsdal fylkeskommune. Ein LMS er både eit administrativt system for skolen og eit elektronisk læringssystem der lærarar og elevar kan organisere faga i ulike rom og mapper. I itslearning kan elevar og lærarar kommunisere med hjelp av chat, epost og forum

SkoleArena er karakter- og fråværssystemet til elevar og lærarar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 Her fører alle lærarar fråveret ditt og karaktarane dine, og du kan sjølv melde fråver og sjekke at alt er rett ført.

Vi  anbefaler at du sjekker kvar gong du har vore borte frå skolen, slik at dette blir rett. Alle merknader i orden og oppførsel blir også ført her. Foreldre/føresette har eiga pålogging.

Elevar og lærarar har tilgang på ei digitale ordbok. Det er skolen som har valgt kva for ei ordbok du skal bruke. Vi rår deg til å laste ned ordboka lokalt på maskina di slik at du har tilgang til den også under eksamen og prøver.

På Nasjonal digital læringsarena (NDLA) finn du gratis digitale læringsressursar i mange fag. NDLA tilbyr også fleire andre ressursar, for eksempel opplæring i korleis du lagar blogg, video, tankekart m.m.

Mange skular tilbyr gratis hjelpeprogram til PC for elevar med lese-eller skrivevanskar. Ver merksam på at ikkje alle hjelpeprogram støttar MAC.

Fleire skolar har løysingar som gjer at du kan skrive ut frå di eiga maskin. Ta kontakt med skolen om dette.

Du kan bruke di eiga e-postadresse (hugs å opplyse om denne til skolen), men dersom du ikkje har frå før eller ikkje ønsker det, får du ei ungweb-adresse og kan lese e-posten din på skolepost.mrfylke.no. Du må logge deg inn med FEIDEkontoen din. Du kan også lese denne eposten på mobiltelefonen din.

NB!Dersom du ikkje registrerer di private e-post hos skolen, vil viktige e-postar bli sendt til ungweb-adressa di, så denne må du sjekke ofte.

I tillegg til å lese og sende e-post, kan du bruke ei felles adressebok som har e-postadressene til alle elevar og lærarar i fylket. Denne epostadressa er sikra av spam- og virusvaskar til fylket.

Sjekk skolepost.mrfylke.no

Følgande program skal vere tilgjengeleg på datamaskina di:

  • Antivirusprogram - AVG eller Microsoft Security Essentials - pass på at det er oppdatert til ei kvar tid. Det er lurt at du også har dataverktøy som "vaskar" maskina di for eventuelle spionprogram
  • Nettlesar - Internet Explorer og Chrome. Det er lurt å ha minst to dersom du har problem med å åpne digitale ressursar.
  • Kontorstøtteprogram: tekstbehandlarar, rekneark, presentasjon - Microsoft Office - Når du leverer skulearbeid på Its learning skal desse vere i eit lesbart format
  • PDF-lesar - Adobe reader