Klage på standpunktkarakter

Du kan klage på standpunktkarakterar dersom du meiner at dei som har sett karakterane ikkje har fulgt reglane. Du kan også klage dersom du ikkje har fått standpunktkarakter.

Dine føresette kan klage på vegner av deg fram til du er 18 år. Frå du 18 år, kan du klage sjølv.

Fristen for å klage på karakteren er 10 dagar. Fristen gjeld frå dagen du har fått karakteren.

I nokre tilfelle kan ei klage bli behandla sjølv om det har gått over tidsfristen. Du kan også kreve å få ei grunngiving for karakteren, innan 10 dagar. Når du har mottatt grunngivinga, vil du få ny tidsfrist for klage.

Du må sende ein skriftleg klage, der du eller dine føresette skriv under. Bruk dokument på denne sida, og send klagen til skolen. Den som klagar skal ha kopi av dokumenta i klagesaken. 

Den som behandlar klagen, kan bare vurdere om den som har satt karakterane har fulgt reglane. 

Å klage kan gi fleire resultat.

  • Du kan få medhald. Den som har behandla klagen vurderer at det kan vere feil i saksbehandlinga, og då blir vedtaket om standpunktkarakter oppheva. Saka blir sendt tilbake til skolen som behandlar saka på nytt.
  • Du får ikkje medhald, fordi den som har behandla klagen meiner at reglane er fulgt. 
  • Den som behandlar klagen kan avvise klagen dersom han eller ho meiner at det ikkje er grunnlag for å klage.
  • Skolen kan også avvise klagen. Då kan eleven sende klage på dette vedtaket. Klagefristen er tre veker.

Når du får medhald, og den som behandlar klagen har oppeva vedtaket om standpunktkarakter, blir saka sendt tilbake til skolen. Då kan skolen bestemme at karakteren blir ståande, at karakteren går opp eller at karakteren går ned. Skolen må grunngi kvifor dei har sett denne karakteren. Den er endeleg, og eleven kan ikkje klage på den.

Den endelege standpunktkarakteren blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset til eleven.

Dersom eleven sender klage på orden- og åtferdskarakter, er det den som behandlar klagen som set endeleg karakter.

Det er forskrift til opplæringslova, §5-12, som gjeld for klage på standpunktkarakterar. §5-13 gjeld klage på orden og åtferd.

For meir informasjon om klage på standpunktkarakterar, sjå Utdanningsdirektoratet.

Her kan du få meir informasjon om standpunktkarakterar. 

 

Snarvegar