Rett til ny, utsett eller særskild eksamen?

Har du fått karakteren 1 på eksamen eller i standpunkt, eller hatt gyldig fråvær, kan du ha rett til ny eksamen.

Dersom du får karakteren 1 på ordinær eksamen, har du rett til ny eksamen i faget. Då beheld du standpunktkarakteren. Dersom du ikkje går opp til første etterfølgande eksamen, må du ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

Dersom du har fått karakteren 1 i standpunkt i eit fag, har du rett til særskild eksamen dersom du ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært. 

Dersom du ikkje går opp til første etterfølgande eksamen, må du ta faget som privatist og standpunktkarakteren fell bort. Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

Dersom du har dokumentert gyldig fråvær ved ordinær eksamen, særskild eller ny eksamen, har du rett til å gå opp til utsett eksamen. 

Dersom du ikkje går opp til første etterfølgande eksamen, må du ta faget som privatist. Då fell eventuelt standpunktvurderinga i faget bort. 

Dersom ein elev har rett til å utsette eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

Forfall til eksamen bli rekna som gyldig når du er hindra i å stille til eksamen, når hindringa er uventa og du sjølv ikkje har skuld i hindringa. Det kan vere akutt sjukdom eller alvorlege hendingar som har oppstått til dømes i familien. Eleven eller privatisten må legge fram dokumentasjon på dette. Dersom du bli sjuk og ikkje kan møte til eksamen, må du straks kontakte lege for å få ei legeærklæring.

Svar på oppmeldingsskjema til eksamen innan fristen

For å få gå opp til ny, utsett eller særskild eksamen, må du svare på tilsendt oppmeldingsskjema frå skolen, i god tid før fristen går ut. Saman med oppmeldingsskjemaet vil du få ei oversikt over kva for fag du kan melde deg opp i.