Elevforsikring

Alle elevar i vidaregåande skole er forsikra mot ulykker, også lærlingar og lærekandidatar.

Når og kvar gjeld forsikringa?

Ho gjeld mellom anna:

  • innanfor skolen sitt område og naturlege nærområde i ordinær skoletid.
  • under deltaking i undervisning, leiker, idrettsutøving, ekskursjonar, stevner, reiser og anna som foregår i regi av skolen si leiing, som Operasjon Dagsverk.
  • under klasseturar, reiser og arrangement kor lærar deltek
  • på direkte veg til og frå skolen og heimen
  • under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som ein del av undervisninga. Forsikringa gjeld då skader som skjer i ordinær arbeidstid og dessutan på direkte veg mellom heimen og arbeidsplassen.

Forsikringa gjeld ikkje i fritida. På dokumentet om elevforsikring kan du lese heile forsikringsavtalen.

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte skolen din.

Snarvegar

Kontakt