Har du rett på spesialundervisning?

Har du ikkje god nok utbytte av opplæringa?

Då skal skolen forsøke å tilpasse undervisninga betre til deg. Det har du rett til. Viss det ikkje er nok, kan det hende du treng spesialundervisning. Då må skolen og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) vurdere kva som er behovet ditt og gi råd om kva du treng. Skolen må fatte eit vedtak om spesialundervisning. I dette vedtaket skal det stå klart og tydeleg kva spesialundervisninga går ut på, korleis det er organisert og kor mange timar det gjeld. Kontakt kontaktlæren din om du har spørsmål om dette.

Har du behov for å ta eit utdanningsprogram over to år, må du kontakte rådgivar på skolen og be om rettleiing.

Kva er spesialundervisning?

Spesialundervisning kan vere at du som elev jobbar etter andre læringsmål enn andre elevar, at du får ekstra hjelp av ein lærar eller assistent i klassen eller at du får tilpassa utstyr. Skolen må utforme spesialundervisninga så langt råd i samarbeid med eleven og eleven sine føresette.

Ønsker du å klage på tilbodet om spesialundervisning?

Har du fått rett til spesialundervisning, og du er misnøgd med tilbodet, kan du klage. Då må du klage innan tre veker. Du eller nokon du gir fullmakt må skrive klagen. Du må forklare kvifor du er misfornøgd og kva endringar du ønsker i opplæringstilbodet.

Kontakt gjerne rådgivar på skolen for å få meir informasjon.