Meld frå om mobbing

Vi ønsker at det skal være så lett som mulig å varsle om mobbing. 

Dersom du sjølv eller andre ikkje har det trygt og godt på skolen, kan du sende inn varsel /melde frå her.

Når du trykker send, går varselet direkte til rektor og ass. rektor.

Du vil bli kontakta av skolen slik at du kan forklare kva som har skjedd.

Vi ønsker at det skal være så lett som mulig å varsle om mobbing. Du kan melde frå om alt som gjer at du ikkje opplever å ha det trygt og godt på skolen. Elektronisk varsling er ein av fleire måtar å varsle på.

Du kan varsle om mobbing på fleire måtar. Du kan kontakte skolen direkte muntlig eller skriftlig. Du kan også ta kontakt med elev- og lærlingombodet. 

Ja, det kan du. I ordensreglementet står det at elevar skal varsle om mobbing som dei observerer.

Du kan ikkje sende inn anonymt varsel fordi det er svært viktig at skolen veit kven dei skal kontakte for å få meir informasjon. Den elektroniske varslinga tek i vare personvernet ditt.

Personopplysningane blir berre nytta til å følgje opp varselet for å få utdjupande opplysningar. Personopplysningane er berre tilgjengeleg for dei som skal følgje opp varselet på skolen eller hos fylkesutdanningssjefen, dersom det er ein i leiinga ved skolen som er den som mobbar.

Personopplysningane blir sletta når det skolen har fått tilstrekkelige opplysningar til å følge opp varselet, med mindre du gir eit spesifikt samtykke til fortsatt lagring av personopplysningane.

 

Då kan du bruke elektronisk varsling og huke av på det valet som varslinga gjeld. Då vil dette gå fram av varselteksten som rektor og assisterande rektor får. Skolen har plikt til å varsle fylkesutdanningssjefen (skoleeigar) i slike saker. 

Om varslinga gjeld ein leiar (avdelingsleiar, assisterande rektor, rektor) ved skolen, går varselet direkte til fylkesutdanningssjefen (skoleeigar).  

Om du varslar på vegne av andre vil du bli kontakta av den som har motteke varselet (rektor, assisterande rektor eller fylkesutdanningssjef), som skal undersøke saka. 

Varselet vil bli sendt umiddelbart. Du vil bli kontakta så raskt som mogleg for å få saka undersøkt. 

Når du har sendt inn varsel, vil rektor eller fylkesutdanningssjef ta kontakt med deg og undersøke saka.

Dersom det er nødvendig, vil innsatsteam mot mobbing bli involvert.

Ønsker du meir informasjon om korleis det går med saka, kan du ta kontakt med skolen. 

Dei vidaregåande skolene i Møre og Romsdal har etablert innsatsteam mot mobbing som skal sørge for gode tiltak i mobbesaker. Innsatstema skal drive førebyggande arbeid mot mobbing i skolen.