Skoleskyss i vgs

Som elev i vgs kan du ha rett til gratis transport til og frå skolen.  Du søker sjølv om skyss gjennom skoleskyssportalen.

Du har rett på fri skoleskyss dersom

  • du har meir enn 6 kilometer avstand mellom heim og skole*.
  • du har behov for skyss, på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom, uavhengig av avstanden mellom bustad og opplæringsstaden. 
  • det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og opplæringsstaden.

*Avstanden er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg frå eleven si heimeadresse til eleven sin skole

Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skoleskyss har rett til skyss uavhengig av avstand.  Fylkeskommuen gjer vedtak i slike saker etter at vi har motteke tilråding frå sakkunnig og informasjon frå skolen. Det er viktig at sakkunnig brukar skjema utarbeidd av fylkeskommunen.

Skolane sender erklæring frå sakkunnig saman med skjema for skyssinformasjon vidare til fylkeskommunen. Vi behandlar søknadar så raskt som råd og iverkset skyss, etter at vi har motteke nødvendige opplysningar.

Opplæringslova gjev ikkje skyssrett dersom eleven har tilbod om leksehjelp, eller mottek eit avlastningstilbod før og etter skoletid.

Søknad om tilrettelagt skyss må du sende via skolen.

Elevar som bur i delt bustad kan ha rett på skyss til to adresser.  Det er ikkje krav om absolutt 50/50 omsorgsdeling, men delt bustad skal vere reell og dokumentert. Samværsordning gir ikkje skyssrett. Du må levere skjemaet for "Stadfesting av delt bustad" når du søker om skoleskyss. 

Elevar som har rett på skoleskyss, får eit eige skysskort.

  • Kortet gjeld på strekninga mellom bustad og skole.
  • Skysskortet gir rett til skyss til og frå skolen ved skolen si ordinære start- og sluttid.
Skoleskyssordninga dekker ikkje:
  • Reiser etter SFO og leksehjelp 
  • Transport i samband med ekskursjonar og andre aktivitetar i skoletida, samt utplassering i ungdomskole.
  • Reiser på ferie- og fridagar.

Skoleskyssportalen blir brukt av:

  • Skole/kommune på vegner av eleven (grunnskole)
  • Eleven sjølv (vidaregående skole).
  • Tilsette på vgs (tilrettelagt skyss)

Skoleskyssportalen er integrert med folkeregisteret og vil hente riktig adresse ut i frå eleven sitt personnummer og etternamn.

Har du spørsmål? Ta kontakt med skolen din eller send e-post til framskoleskyss@mrfylke.no

Sensitive personopplysningar bør ikkje sendast i e-post.

Snarvegar