Søknad om permisjon

Treng du som elev eller lærling permisjon, kan du søke om dette.

Du kan få permisjon på grunn av sjukdom, militærteneste, fødselspermisjon eller andre årsaker.

Du kan søke fulltidspermisjon eller delvis permisjon. Søker du om delvis permisjon, må du legge ved ein plan frå skolen om gjennomføring av skoleåra.

Du må alltid legge ved dokumentasjon som bekreftar at du ikkje kan gå på skole. Det kan vere attest på du er sjuk, har eller skal ha fødselspermisjon eller militærteneste eller anna.

Snarvegar