Fagbrev på jobb

Fagbrev på jobb er ein alternativ veg til fag- og sveinebrev for vaksne personar som er i arbeid. Dette er ei ordning for dei som har noko praksis i faget, men treng rettleiing og opplæring før dei kan gå opp til fag-/sveineprøva. Kandidatene beheld den vanlige lønna si i heile læretida. 

  • Du må ha fullført grunnskolen eller tilsvarende.
  • Du må ha relevant, allsidig praksis i faget og allerede ha ei arbeidsavtale med bedrifta. Arbeidsforhaldet må ha ein varigheit minimum tilsvarande kontraktstida.
  • Du må ha arbeidd minimum eitt år i full stilling for å kunne teikne kontrakt om fagbrev på jobb. Dersom du jobber deltid, må den samla praksisen vere eitt år.
  • Dersom du fyller kriteriene for praksiskandidatordninga kan du ikkje inngå kontrakt om fagbrev på jobb.

Det er lengda på lærefaget som er utgangspunktet for det samla kravet til praksis og opplæring før fag-/sveineprøva. For dei fleste fag er det fire år. Minimum kontraktstid er eitt år i full stilling.

Læretida blir fastsett utfrå realkompetansevurdering og opplæring/praksis. Kandidatar over 25 år som i samarbeid med arbeidsgivar ønsker å ta i bruk ordninga, må gjennomføre realkompetansevurdering før det søkes om å skrive kontrakt. For kandidatar uten rett blir ikkje utgiftene til realkompetansevurdering dekt av fylkeskommunen. Søk på vigo.no.

Lærebedrifta har ansvar for å utvikle ei intern plan for opplæringa, som skal sikre at kandidaten får ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplana. Bruk gjerne ei plan frå opplæringskontoret eller fylkeskommunens forslag til intern opplæringsplan. 
Lærebedrifta teiknar kontrakt om fagbrev på jobb med kandidaten og tar på seg opplæringsansvar i henhold til plana. Kontrakten godkjennast av fylkeskommunen.

Du må bestå ein fem timars sentralt gitt eksamen på Vg3 nivå før du kan melde deg opp til fag-/sveineprøva. Dette er den same eksamen som praksiskandidatene må bestå før dei kan melde seg opp til fag-/sveineprøva. Det er ikkje eit krav til fellesfag for kandidatar for fagbrev på jobb.

Bedrifta som søker kontrakt, må være godkjent lærebedrift. Les om å bli godkjent lærebedrift her. Bedrifta har ansvar for opplæringa og til oppmelding til teoretisk Vg3 eksamen og til fagprøva.

Kandidatane får mange av de samme rettane og pliktane som lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar.

Utgangspunktet for satsane blir basistilskudd 2 som er fastsett av nasjonale myndigheiter.

Steg 1: Inngå avtale med arbeidsgivar 

Kandidatar for fagbrev på jobb må starte med å avklare med arbeidsgivar om denne opplæringsordninga er aktuell. Når begge partar er samde om å inngå kontrakt for opplæringa, kan de planlegge vegen vidare. 

Steg 2: Søk om realkompetansevurdering på vigo.no  

Kandidatar med rett til opplæring for vaksne kan bli realkompetansevurdert gratis. For kandidatar uten rett blir ikkje utgiftene til realkompetansevurdering dekt av fylkeskommunen.

Steg 3: Lag ei plan for opplæringa i bedrift 

Bedrifta og kandidaten må lage ei plan for opplæringa kandidaten skal få. Lærebedrifta har ansvaret for å sette opp og gjennomføre opplæringsplana. Denne skal ta utgangspunkt i læreplana for faget og den kompetansen kandidaten har frå før.  

Steg 4: Send inn søknadsskjema om fagbrev på jobb og dokumentasjon på at følgjande er oppfylt: 

-Arbeidsavtale med bedrifta 

- Realkompetansevurdering  

-1 års relevant allsidig praksis i tilknytning til lærefag 

-Forslag til personlig opplæringsplan som kandidat og bedrift saman har utarbeida 

Rådgivar på opplæring i bedrift vil motta søknaden og behandle den etter gjeldende retningsliner. Fylkeskommunen avgjer om den praksisen kandidaten dokumenterar og opplæringsplana, kan godkjennast. Er det mindre restopplæring igjen enn eitt år, vil søknaden avslås. 

Last opp og dokumentasjon til fylkeskommunen via eDialog, eller med vanlig post til: Møre og Romsdal fylkeskommune, utdanningsavdelinga, Postboks 2500, 6404 Molde.