Bli lærebedrift

Kvifor skal bedrifta di bli lærebedrift? Å vere godkjend lærebedrift er eit kvalitetstempel og viser at bedrifta tar samfunnsansvar. Bedrifta vil motta eit tilskot for å dekke kostnadane til opplæring for kvar lærling dei tek inn. 

Ein lærling kan dessutan bli den gode fagarbeidaren bedrifta di treng. Når læretida er over, kan du rekruttere ein medarbeidar som både kjenner bedrifta di godt og som er produktiv frå første dag. 

1. For å bli bli godkjent lærebedrift, må du sende inn dette søknadskjemaet.

2. Finn den lærlingen du ønsker (sjå avsnitt om VIGO BEDRIFT)

3. Skriv kontrakt med lærlingen

4. Sett i gang

Bedrifter som tek på seg opplæring av ein eller fleire lærlingar eller lærekandidatar, må vere godkjende av fylkeskommunen. Både private og offentlege verksemder kan godkjennast som lærebedrift. Opplæringskontor og opplæringsringar, som er organ for samarbeid mellom bedrifter som i felleskap tek på seg opplæringsansvar, kan og godkjennast. For at eit opplæringskontor eller -ring skal få godkjenning, må dei enkelte medlemsbedriftene vere godkjende av fylkeskommunen.

Krav til lærebedrifta

•Ei lærebedrift må kunne gi opplæring i samsvar med opplæringslov og forskrift (læreplanar og andre føresegner).

•Lærebedrifta skal ha ein eller fleire faglege kvalifiserte personar (faglege leiarar), som har ansvar for opplæringa.

•Lærebedrifta skal ha ein eller fleire instruktørar (erfarne fagarbeidarar eller tilsvarande) som skal drive opplæring av lærlingane og lærekandidatane. Instruktørane og fagleg leiar vil bli tilbydd kurs. 

•Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa som tilfredstiller krava i læreplanen.

Bedrifta søker utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke om godkjenning på godkjent søknadsskjema.

Les meir om godkjenning og krav til lærebedrifter i opplæringslova, §4-3. 

Les meir om kva det vil seie å vere lærebedrift  her.

Alle bedrifter og opplæringskontor som har lærlingar/lærekandidatar vil få tilskot for opplæringsjobben dei gjer. Satsane er fastsette av Kunnskapsdepartementet og fylkeskommunen står for utbetalinga.

Kva er kravet for å få tilskot?

Lærekontrakta for lærlingen eller opplæringskontrakta for lærekandidaten må vere godkjent av fylkeskommunen.

Når blir tilskota utbetalt?

Grunnlaget for utbetaling er registrerte kontrakter pr 30. juni og 31. desember. Faktisk utbetaling skjer så snart nødvendig kontroll er foretatt.

Kva er tilskotssatsane ?

Du kan lese meir om dei ulike tilskota på heimesidane til utdanningsdirektoratet.

Tilskot for lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar med særskilte behov

Fristen for å søke til utdanningsavdelinga er 1. september.

Lenke til skjema og meir informasjon.

Basistilskot I

Basistilskot I gjeld berre for dei med ungdomsrett.

Informasjon om tilskotssatsane finn du på heimesidene til Utdanningsdirektoratet. 

Tilskotet blir fordelt jamnt over heile læretida. Normal læretid i bedrift er 2 år. Tilskotet blir då fordelt på 24 månader. 

Ekstra tilskot i små handverksfag

Små handverksfag er definert som fag som det av nasjonale grunnar er viktig å bevare, fag som er trua samt fagkunnskapar som står i fare for å gå tapt på grunn av manglande rekruttering. Dette kan gjelde fag som til dømes orgelbyggar og bunadstilverkar.

Tilskot blir utbetalt til lærlingar som teiknar kontrakt i små og verneverdige fag etter opplæringslova §4-5, eller som tidlegare har fått oppfylt retten sin til vidaregaånde opplæring.

Meir info om små handverksfag finn du på handverksinstituttet.

Det er den fagleg leiaren og instruktøren som har ansvar for opplæring av lærlingen i lærebedrifta. Slik er rollefordelinga mellom desse to:

  • Fagleg leiar skriv under på lærekontrakten og har det overordna ansvaret for at opplæring blir gitt i heile læreplanen, og for at lærlingen får den oppfølginga han eller ho har krav på.
  • Fagleg leiar skal vere rettleiaren til instruktøren i opplæringa av lærlingen og den som samlar trådane.
  • I små bedrifter kan fagleg leiar og instruktør være ein og same person.
  • Instruktøren er den i lærebedrifta som har det daglege ansvaret for lærlingen.

For å kvalitetssikre fagopplæringa har vi kurs for instruktørar og faglege leiarar kvar haust. Dette omfattar oppfølging av lærlingar, lærekandidatar og praksiskandidatar.

Målgruppa for kursa er instruktørar og faglege leiarar som ikkje tidlegare har hatt ansvar for lærlingar, men alle som ser behov for fornying og oppdatering, er velkomne til å delta. Gjennom instruktøropplæringa vil instruktørane bli tryggare i rolla si. Instruktørane sitt bidrag til kvalitetsutvikling og vurdering i opplæringa er svært viktig for den faglege standarden på norske fagarbeidarar.

Tema på kurset:
  • dei ulike aktørane sine roller, oppgåver og ansvar
  • førebuingar for å lukkast med opplæringa
  • læreplana i faget / kva er fast og kor står ein fritt
  • kjenneteikn på ein god instruktør
  • plan for opplæringa / bedrifta som læringsarena

Kurset er gratis og blir arrangert både i Ålesund, Molde og Kristiansund.

Du kan melde deg på kurset i kalender på nettsida.

Fylkeskommunen tilbyr sikker samhandling til lærebedrifter og opplæringskontor via nettstaden vigobedrift.no

På vigobedrift.no kan du:

  • Sjå og endre person- og bedriftsdata
  • Få oversikt over aktuelle søkarar til læreplass og gi tilbakemelding til fylkeskommunen
  • Melde ønske om lærekontrakt med søkar utanom formidlinga
  • Skrive ut ferdig utfylt lærekontrakt eller opplæringskontrakt
  • Få oversikt over løpande  kontraktsforhold
  • Søke om godkjenning i nye fag eller oppdatere aktuell fagleg leiar
  • Få oversikt over prøveoppmeldinger og avlagte prøver med resultat
  • Få oversikt over utbetaling av tilskot
  • Rapportere på opplæringsverksemda til fylkeskommune

Alle faglege leiarar i lærebedrifta kan logge seg på VigoBedrift ved bruk av MinId. Det same kan andre tilsette  i lærebedrifta som har ei aktiv registrert rolle i lærebedrifta i fylkeskommunens vigosystem.

Tilgangar for den enkelte ansatte i lærebedrifta blir styrt av den som er systemansvarleg i lærebedrifta. For meir informasjon, sjå brukarrettleiing.

Her er registreringsskjema for brukartilgang til VIGO BEDRIFT.

Bygg og Anleggsteknikk, Maritime fag, Kjemiprosessfag, Møbelfag, Feiarfaget
Ola Ivar Eikebø  tlf: 71 28 03 94      95 06 54 86 
ola.ivar.eikebo@mrfylke.no
 
TIP Teknikk og industriell produksjon. Bil og kjøretøy
Roy Arild Tvedt  tlf: 71 28 03 82     473 18 937 
roy.arild.tvedt@mrfylke.no
 
Ambulansearbeidarfaget, helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget
Linn Helen Falk  tlf: 71 28 04 67    913 18 022 
linn.helen.falk@mrfylke.no
 
Restaurant- og matfaga, design og handtverk
Berit Brudeseth tlf: 71 28 03 77
berit.brudeseth@mrfylke.no
 
Elektrofag
Åse Vatne Riksfjord  tlf: 71 28 03 85      959 32 159 
ase.vatne.riksfjord@mrfylke.no
 
Logistikkfaget, yrkessjåførfaget, reinhaldsfaget, service og samferdsel,
Siv Sandøy tlf: 71 28 03 87     906 64 913   
siv.sandoy@mrfylke.no
 
 

Snarvegar