Prøvenemnder

Prøvenemnda har ansvaret for utforming og bedømming av fag- og sveineprøver, og blir oppnemnt og administrert av fylkeskommunen.

Her finn du oversikt over prøvnemndene i Møre og Romsdal

Opplæringslova regulerer rettane og pliktene til prøvenemndene.

For deg som sitt i ei prøvenemnd:

  • Prøvenemndene sit i eit offentleg verv og har eit viktig ansvar i fag- og yrkesopplæringa gjennom å kvalitetssikre den avsluttande fag-/sveine-/kompetanseprøva.
  • Eit medlem av prøvenemnda skal sette seg godt inn i læreplanar og retningsliner for faget.
  • Nemnda er eit forvaltningsorgan med krav til habilitet og teieplikt etter Forvaltningslova.

Du har rett til permisjon frå arbeid i det omfanget det er nødvendig for å oppfylle lovbestemt møteplikt i offentlige organ.

Snarvegar