Kva er ein lærling / lærekandidat?

Å vere lærling betyr at du utdannar deg til eit yrke ved å jobbe i ei bedrift. Ein lærling har fullført teoretisk opplæring i vidaregåande skole, og inngår lærekontrakt med ei bedrift. Det vanlege er to år på skole og to år i bedrift.  I bedrifta får du både opplæring og praksis i eit fag. Etter desse to åra går du opp til fag- eller sveineprøve.

Det er også mogeleg å gå i lære som lærekandidat. Lærekandidaten får ein opplæringskontrakt og tilrettelagt opplæring i bedrift. Målet med læretida er å nå delar av læreplanmåla for faget, og kunne meistre arbeidsoppgåver i ei bedrift der kravet ikkje er fagbrev/sveinebrev. Ein del lærekandidatar får seinare fullverdig fag- eller  sveinebrev gjennom praksiskandidatordninga.

Snarvegar