Mobbeombodet og elev- og lærlingombodet

Elev- og lærlingombodet

Har du utfordringar på skolen du går på eller i bedrifta du jobbar i? Ting du har spørsmål om? Ta kontakt med elev- og lærlingombodet - ho skal sikre elevane sine rettar i vidaregåande opplæring. Ombodet har teieplikt og går ikkje vidare med det du seier utan at det er greitt for deg.

Elev- og lærlingombodet arbeider med rettar og plikter, læringsmiljø og medverknad. Arbeidet består i hovudsak av informasjonsarbeid, arbeid med enkeltsaker og rettleiing. I tillegg til å informere og hjelpe elevar, elevråd og lærlingar og lærkandidatar, kan ombodet representere elevar og lærlingar i ulike fora, og snakke deira sak i samarbeid med ulike hjelpeapparat.

Alle i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal kan ta kontakt med elev- og lærlingombodet, det er gratis og uforpliktande. Du kan når som helst koble på ombodet.

Det er viktig å vite at ombodet jobbar for elevane og lærlingane, og kan vere ei støtte i vanskelige og utfordrande prosessar. Ta gjerne kontakt før problema blir for store.

Det er også mogleg for andre å ta kontakt, til dømes foreldre, skole, lærebedrift eller støtteapparat.

 

Melding til elev- og lærlingombodet

Ver merksam på å sjekke om e-postsvaret på førespurnaden din kan ha hamna i søppelposten, spesielt dersom du har konto i Hotmail.

Mobbeombodet

Mobbeombod arbeider for barn og unge i alle barnehagar og grunnskolar i Møre og Romsdal. Alle barn og unge som går i barnehagen og på skolen har rett til å ha det bra, og den viktigste oppgåva til mobbeombodet, er å passe på at denne retten blir oppfylt. 

Går du på vidaregåande? Elev- og lærlingombodet er mobbeombod for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.

Mobbeombodet kan hjelpe med mange ting som handlar om barn og unge sin rett til å ha det trygt og godt i barnehagen og på skolen, som for eksempel:

  • vere ein samtalepart for barn, ungdom, føresette og alle som jobbar med barn og unge, i små og store spørsmål som gjeld mobbing og psykososialt miljø i barnehage og skole.
  • gi råd om korleis du kan gå fram om du, barnet ditt eller nokon du kjenner, ikkje har det bra i barnehagen eller på skolen
  • rettleie og skape dialog i fastlåste konfliktar
  • bidra i førebyggande arbeid med informasjon og opplæring til barn, elevar og foreldre og andre

Mobbeombodet er uavhengig og talar barna og elevane si sak.

Alle som ønsker hjelp eller rettleiing i ei mobbesak kan kontakte mobbeombodet. Det kan vere elevar eller føresette, men også lærarar, rådgivarar og skoleleiarar. Mobbeombodet har teieplikt og kan ikkje gå vidare med det du seier utan at det er greitt for deg.

 

Snarvegar

Kontakt