Praksiskandidat - fagbrev som vaksen

Har du mykje arbeidserfaring, men manglar dokumentasjon? Du kan ta fag- eller sveinebrev som praksiskandidat, utan å vere elev eller lærling.

For å gå opp til fag- eller sveineprøve, må du først dokumentere både tilstrekkeleg praksis i faget og bestå ein eigen teorieksamen.

Du vil finne alle søknadskjema du treng på denne sida. 

Vaksne som har minst 5 års allsidig praksis innafor eit fag kan bli praksiskandidat. Praksis må være 25 prosent lenger enn læretida i faget. I dei fleste faga vil det seie 5 år i prosent stilling. I nokre fag er det 5 år og 7 månader.

Sjå i læreplanen om praksisen du har er i høve til kompetansemåla i faget.

Du må kunne dokumentere kva praksis har i faget du ønsker å ta fag- eller sveineprøve i, med attestar frå arbeidsgivar eller andre.

Les meir om vurdering av praksis her

Attestane dine må innehalde:

  • Namn og fødselsdato
  • Tilsett frå/til dato
  • Stillingsprosent/tal på timar
  • Arbeidstad/ avdelingar
  • Beskriving av arbeidsoppgåver

Før du melder deg opp til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat, må du ha bestått ein eigen eksamen.
Fagkoden finn du her. Har du spørsmål om eksamen eller fagkodar, kontakt eksamen@mrfylke.no.

Du melder deg opp på privatistweb.

Teorieksamen blir arrangert av vidaregåande skolar i fylket.

For våreksamen kan du melde deg opp mellom 1. januar og 1. februar
For hausteksamen mellom 15. august og 15. september.

Du kan øve deg på tidlegare gitte eksamensoppgåver. Oppgåvene er
passordbeskytta. Passordet får du ved å kontakte ein vidaregåande skole eller utdanningsavdelinga tlf. 71 25 80 00 eller send e-post til eksamen@mrfylke.no .

Etter at du har bestått teorieksamen, melder du deg opp til fag- eller sveineprøva. Bruk oppmeldingskjema og giro for prøveavgift på denne sida. 

Dette må du sende inn til utdanningsavdelinga i fylkeskommunen der du har folkeregistrert adresse:

- Utfylt oppmeldingskjema

- Kvittering på betalt prøveavgift

- Attesterte kopiar av attester og vitnemål

For oppmelding til første gongs fag-/sveineprøve er avgifta for tida 951 kroner

Stryk du første gong og vil prøve igjen, må du vente 6 månader.

Du må sende inn ny oppmelding og betale ny avgift som no aukar til 1905 kroner.

Kontonummer: 4212 07 70300.

Blir oppmeldinga di godkjent, vil du få eit brev frå Fylkeskommunen, der vi ber deg ta kontakt med leiar i prøvenemnda for å avtale tid og stad for fag/sveineprøva.

Kontaktinformasjon til leiar står i brevet.

Personer som er tilsette i bedrifter i Møre og Romsdal, men som ikkje er folkeregistrert i Noreg, kan melde seg opp til fag/sveineprøve og få utstedt fag/sveinebrev i Møre og Romsdal.

Kandidatane har same teori- og praksiskrav som andre praksiskandidatar.

Kandidatane må garantere for prøvekostnad ved oppmelding. Kostnaden er kr 12.000,-.

Dersom du har behov, vanskar eller funksjonshemningar som gjør det nødvendig med særskilt tilrettelegging av eksamen, har du krav på det.

Du kan søke om tilrettelegging ved å sende søknadsskjema for tilrettelegging til eksamensskolen. I tillegg til søknadsskjemaet må du sende inn ein uttale  frå sakkunnig som gir ei anbefaling for korleis eksamen bør tilretteleggast for deg.

Frist for innsending av søknadsskjema og stadfesting er 30. september for hausteksamen og 15. februar for våreksamen. I god tid før eksamen vil du få svar på om tilrettelegginga er godkjend. Ta med godkjenninga til eksammen og vis til eksamensvakta.

Særskilt tilrettelegging kan vere:

  • høve til å ta mange pausar
  • tilgang til kvilerom
  • eigen assistent
  • forlenga tid på eksamen
  • få eksamensoppgåva lest opp på førehand
  • tilgang til eige rom
  • kombinasjon av skriftleg og munnleg eksamen (i staden for skriftleg) i nokre fag

Tilrettelegginga skal være eigna til å utlikne kandidaten sine dokumenterte vanskar, men skal ikkje vere så omfattande at det gir fordelar som kandidatar som ikkje har tilsvarande tilrettelegging har.

Dersom du har spørsmål om særskilt tilrettelegging av eksamen, ta kontakt med eksamensskolen du har meldt deg opp på.

  • Klagefrist på eksamenskarakter 10 dagar.
  • Fristen blir rekna frå det tidspunkt du er blitt kjent med eller burde gjort deg kjent med karakteren.
  • Ved munnleg eksamen kan du berre klage på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet
  • Har du ikkje fått svar på klaga di, er det likevel viktig at du melder deg opp innanfor oppmeldingsfristen.
  • Får du medhald i klagen, slik at du ikkje treng å ta eksamen på nytt, vil du få refundert avgifta du har betalt.

Du kan lese meir om klage i Forskrift til opplæringslova. 

Treng du nytt fag-/sveinebrev, eller vitnemål?

Send ein e-post til dokumentasjon@mrfylke.no med opplysningar om kva du ønsker. Vi sender ut ein faktura etter bestillinga di.

Dersom du ønsker kopi av vitnemål frå vidaregåande skole kan du ta kontakt med skolen direkte.

TypePris
Fagbrev eller sveinebrevKr 500,-
VitnemålKr 500,-

 

Fagbevis i kortformat

Dersom du har fag-/sveinebrev og ønsker eit fagbevis i kortformat, kan du bestille dette sjølv. 

Snarvegar

Kontakt