Privatist

Manglar du fag for å få vitnemål, treng du studiekompetanse eller ønsker du å forbetre karakterar frå vidaregåande? Kanskje du skal du ta fagbrev som praksiskandidat?
Då kan du ta eksamen som privatist. Det vil seie at du på eiga hand set deg inn i fagstoffet og går opp til eksamen for å dokumentere kompetansen din. Som privatist får du ikkje standpunktkarakter i faget.

 Du kan ikkje melde deg opp som privatist og samtidig vere elev i same fag.

Les meir om reglane og rutinane for privatisteksamen hos Utdanningsdirektoratet.

Du kan melde deg opp som privatist på privatistweb.

Oppmeldingsperiodar:

• Våreksamen:                 1. januar til 1. februar

• Hausteksamen:            15. august til 16. september

kr 1084,- per eksamen for

• fag du ikkje har standpunkt og/eller eksamenskarakter i

• fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist

kr 2170,- per eksamen for

• fag du alt har bestått som elev eller privatist

Du finn meir informason om å melde seg opp til privatisteksamen på privatistweb.

Ønsker du melde deg av eksamen, kan du sende e- post til eksamen@mrfylke.no. Eksamensavgifta blir ikkje refundert etter at oppmeldingsfristen er ute.

Eksamen for privatistar blir arrangert to gonger i året, i periodane april-juni og november-desember.

Datoar for eksamen:

Sentralt gitt eksamen 

Lokalt gitt eksamen 

Datoar for munnleg og praktisk eksamen blir ikkje fastsatt før fristen for påmelding er ute. Du vil få brev frå eksamenskolen om tid og stad for eksamen etter at du har meldt deg opp og i god tid før eksamen

Privatisteksamen blir halde på ni vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Når du søker opp faget på Privatistweb, vil du sjå kva for skolar du kan velje mellom. Vi gjer merksam på at fylkeskommunen, i etterkant av oppmeldinga, kan endre eksamenskole for privatisten.

Privatistskolar i Møre og Romsdal

Har du spørsmål om oppmelding til eksamen, ta kontakt eksamensskolen du skal melde deg opp ved.

Atlanten videregående skole, ved Lene Hoel
Dalaveien 25, 6501 KRISTIANSUND  Tlf: 71 57 18 21 
E-post: atlanten.vgs@mrfylke.no

Borgund vidaregåande skole, ved Gunn Slemmen
Yrkesskolevegen 20, 6011 ÅLESUND Tlf: 70 17 00 00
E-post: borgund.vgs@mrfylke.no

Fagerlia videregående skole, ved Trude Eiksund
Gangstøvikveien, 6009 ÅLESUND Tlf: 70 11 22 00
E-post: fagerlia.vgs@mrfylke.no

Herøy vidaregåande skule, ved Eivind Lillebø
Lisjebøvegen 4, 6090 FOSNAVÅG Tlf: 70 08 03 80
E-post: heroy.vgs@mrfylke.no

Kristiansund videregående skole, ved Rigmor Gujord
St.Hanshaugen, 6514 KRISTIANSUND Tlf: 71 57 05 00
E-post: kristiansund.vgs@mrfylke.no

Molde videregående skole, ved Marit Mordal
Øvre vei 23, 6413 MOLDE Tlf: 71 25 07 00
E-post: molde.vgs@mrfylke.no

Romsdal videregående skole, ved Trond Ljoså
Langmyrveien 83, 6415 MOLDE  Tlf: 71 28 33 00 
E-post: romsdal.vgs@mrfylke.no

Sunndal vidaregåande skole, ved Edel Hoem
Skoleveien 14, 6600 SUNNDALSØRA Tlf: 90 21 80 00 
E-post: edel.hoem@mrfylke.no anne.elise.sande@mrfylke.no

Ålesund videregående skole, ved Eva Holm
Postboks 676, 6001 ÅLESUND Besøksadr: Latinskolen: Øwregt. 13, Volsdalsberga: Sjømannsvn. 27
Tlf: 70 16 05 00

E-post: alesund.vgs@mrfylke.no

Dersom du har behov, vanskar eller funksjonshemningar som gjør det nødvendig med særskilt tilrettelegging av eksamen, har du krav på det.

Du kan søke om tilrettelegging ved å sende søknadsskjema for tilrettelegging til eksamensskolen.

I tillegg til søknadsskjemaet må du sende inn ein uttale  frå sakkunnig som gir ei anbefaling for korleis eksamen bør tilretteleggast for deg.

Frist for innsending av søknadsskjema og stadfesting er 30. september for hausteksamen og 15. februar for våreksamen. I god tid før eksamen vil du få svar på om tilrettelegginga er godkjend. Ta med godkjenninga til eksamen og vis til eksamensvakta.

Særskilt tilrettelegging kan vere:

  • høve til å ta mange pausar
  • tilgang til kvilerom
  • eigen assistent
  • forlenga tid på eksamen
  • få eksamensoppgåva lest opp på førehand
  • tilgang til eige rom
  • kombinasjon av skriftleg og munnleg eksamen (i staden for skriftleg) i nokre fag

Tilrettelegginga skal være eigna til å utlikne kandidaten sine dokumenterte vanskar, men skal ikkje vere så omfattande at det gir fordelar som kandidatar som ikkje har tilsvarande tilrettelegging har.

Dersom du har spørsmål om særskilt tilrettelegging av eksamen, ta kontakt med eksamensskolen du har meldt deg opp på.

Snarvegar

Kontakt