Oppfølgingstenesta (OT)

Oppfølgingstenesta (OT) er eit tilbod til ungdom mellom 15-21 år som ikkje går på skole eller jobbar. OT skal sørge for at desse får tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremmande tiltak, for at dei skal få studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse innanfor vidaregåande opplæring.

Målgruppe

Målgruppa er ungdom som har rett vidaregåande opplæring, og som det aktuelle skoleåret ikkje har søkt eller tatt imot elev- eller læreplass, avbryt slik opplæring, ikkje er i arbeid, har tapt retten som følge av bortvising eller heving av lærekontrakt.

Oppgåver

OT skal:
a) ha oversikt over målgruppa og aktuelle tilbod. Dei registrerer ungdom gjennom heile året.

b) gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har. Føresette til ungdom som ikkje er myndig skal ha same informasjon med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgivning.

c) etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa for å gi rettleiing og oppfølging.

d) gi alle i målgruppa eit tilbod, eventuelt i samarbeid med andre aktørar.

e) følge opp ungdom som har tatt imot tilbod gjennom ei eller fleire rettleiingssamtaler.

OT vil følge opp ungdom som ikkje tar imot tilbod, og som ikkje er i utdanning eller arbeid, og gi dei tilbod kvart skoleår så lenge dei har lovfesta rett til vidaregåande opplæring.

I UNG

Kva er I UNG?Dette er eit tilbod for ungdom mellom 16 og 21 år som har slutta eller ikkje starta på vidaregåande opplæring av ulike årsaker. Tilbodet er frivillig og du kan delta utan å bruke av skoleretten din.

Målet med I UNG er at det skal motivere ungdommane og gje dei betre føresetnad til å gjennomføre vidaregåande skole og/eller skaffe seg arbeid. Gjennom individuell oppfølging av kompetente vaksne, fellesskap med andre ungdommar og tilrettelegging for praksis i ulike yrker, skal I UNG bidra til oppbygging av den unge sin motivasjon og meistringsevne.

OT i Møre og Romsdal tilbyr I UNG i Kristiansund, Surnadal, Sunndal, Molde, Ålesund og Volda.

Her finn du oversikt over oppfølgingstenesta i Møre og Romsdal