Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Alle elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring har gratis tilbod om pedagogisk-psykologisk rådgiving. Den pedagogisk psykologiske tenesta (PPT) skal også hjelpe skolane og lærebedriftene med å tilrettelegge opplæring og spesialundervisning.

Kven kan be om hjelp frå PPT?

Elevar, lærlingar og lærekandidatar kan be om hjelp til å få vurdert fagvanskar eller andre lærevanskar. PPT kan gi råd om kva tiltak som gjer det lettare å lære. Skolane kan be PPT om hjelp til kompetanse- og organisasjonsutvikling for å legge til rette for god læring. For dei som søker om spesialundervisning, er PPT sakkunnig instans. 

Korleis få kontakt med PPT?

Elevar, lærlingar og lærekandidatar kan ta kontakt med PPT sin kontaktperson på skolen eller ta direkte kontakt med det næraste PPT-kontoret. Kontaktlærarar eller rådgivarar kan også opprette kontakt med PPT.  I tillegg kan skolen tilvise elevar til teneste.

Kva slags hjelp gir PPT?

PPT kan gi elevar, lærlingar eller lærekandidatar råd og rettleiing om opplærings- og læringssituasjonen. Det kan til dømes vere fagvanskar eller personlege eller sosiale problem. PPT kan gjennomføre utgreiingar og gi rettleiing i søknad om spesialundervisning. Om nødvendig, kan PPT sette i kontakt med andre instansar som psykiatriske poliklinikkar, NAV og helsestasjonar. Dei som arbeidar i PPT har teieplikt. 

PPT er organisert i 11 kommunale og interkommunale PPT-kontor(PP-kontor). Dei tilsette i PPT er pedagogar og psykologar med kunnskap om den vidaregåande opplæringa.

Ta kontakt med PPT-kontoret som ligg nærast den aktuelle vidaregåande skolen eller bedrifta.

Molde, Aukra og Midsund:
Besøksadresse: Godtfred Lies Plass 4, Molde, postadresse: Rådhusplassen 1, 6413 Molde, telefon: 71111240, Organisasjonsnr: 973994573
Betener desse skolane: Molde vgs, Romsdal vgs, Fannefjord vgs, Fræna vgs, Akademiet Molde
Vestnes:
Besøksadresse: Myra 23, Vestnes, Postadresse: Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes
telefon: 71184122, Organisasjonsnr: 975319229
Betener Gjermundnes vgs

Surnadal, Rindal og Halsa:
Postboks 46, 6656 Surnadal, telefon: 71657880, Organisasjonsnr: 974780348
Betener Surnadal vgs
Herøy:
Herøy helsesenter, Eggesbøvegen 11, 6091 Fosnavåg, telefon: 70081740, Organisasjonsnr: 974616904
Betener Herøy vgs m/avd Vannylven
Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta:
Besøksadresse: Blåhuset 3. etasje, Vikemyra 1, postadresse: Postboks 200, 6067 Ulsteinvik, telefon: 70017500, Organisasjonsnr: 975319164
Betener desse skolane: Volda vgs, Ørsta vgs , Ulstein vgs
Sykkylven: 
Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, Haugneset 20, 6230 Sykkylven, telefon: 70246500, Organisasjonsnr: 974618648
Betener Sykkylven vgs
Stranda: 
Besøksadresse: Øynasenteret, Stranda, postadresse: Øyna 13 6200 Stranda, telefon: 70268000, Organisasjonsnr: 674618012
Betener Stranda vgs og Vestborg privatskole
Rauma: 
Rådhuset, 6300 Åndalsnes, telefon: 71166600, Organisasjonsnr: 974747987
Betener Rauma vgs
Ytre Nordmøre: 
Fosnagt. 13, 6509 Kristiansund, telefon: 71575255, Organisasjonsnr: 974780259
Betener desse skolane: Kristiansund vgs og Atlanten vgs
Ålesund: 
Besøksadresse: Keiser Wilhelmsgt.11, Ålesund, postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund, telefon: 70162000, Organisasjonsnr: 974573601
Betener desse skolane: Ålesund vgs, Fagerlia vgs, Borgund vgs, Spjelkavik vgs, Akademiet Ålesund
Sunndal, Tingvoll og Nesset:
Pb. 120, 6601 Sunndalsøra, telefon: 71689700, Organisasjonsnr: 976953495
Betener Sunndal vgs og Tingvoll vgs

 

 

Snarvegar