Fortrinn og individuell vurdering i inntak

Du kan søke om rett til fortrinn eller individuell vurdering i inntak til vidaregåande opplæring.  Søknadsfristen 1. februar.

Du kan få fortrinn 

  • til særskilt utdanningsprogram på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne
  • fordi du har vedtak om utdanningsprogram over to år

Du kan få individuell vurdering:

  • på grunn av spesialundervisning og manglande vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga.
  • i inntak til 4. eller 5. år i vidaregåande opplæring.
  • fordi du følger eit behandlingsopplegg, får oppfølging frå barnevern eller er busett i asylmottak.

Rådgivar ved grunnskolen eller den vidaregåande skolen du går ved, skal hjelpe deg med å søke og fylle ut vedleggsskjema.

Om du kan ha rett til fortrinn i inntak til vidaregåande skole, så skal heimkommune i enkelte høve melde frå om dette til fylkeskommunen innan 1.oktober. Det er rådgjevar ved grunnskolen du tilhøyrer som hjelp deg med dette.

Kontakt