Ofte stilte spørsmål om søking

Ønsker du informasjon om korleis du søker vidaregåande opplæring, og kva som er dei viktigaste reglane for søking?

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla. 

Gjeld det MinID eller BankID så finn du informasjon og brukarstøtte her: http://eid.difi.no/nb/minid

Du kan ikkje endre søknaden etter fristen 1. mars med mindre du har svært gode medisinske, sosiale eller pedagogiske grunnar til det. Desse må dokumenterast. Send søknad og dokumentasjon til Møre og Romsdal fylkeskommune, Utdanningsavdelinga, Postboks 2500, 6404 Molde

Søkarar som har søkt med vedleggsskjema A, om fortrinnsrett eller om individuell vurdering, kan ikkje endre søknaden sin etter fristen 1. februar. Ønska som er lagt inn på vigo.no er bindande. Dette er fordi inntaket for desse søkarane blir klart allereie i mars/ april. Har du spørsmål til dette kan du ta kontakt med oss på e-post: inntak@mrfylke.no eller på telefonnummer: 712 80 150.

Registrer førehandssvar når du søker i Vigo, så kan du sjå kvar du har fått tilbod om av skoleplass/ ventelisteplass når du er tilbake frå ferien.

Hugs at dersom du legg inn førehandssvar, så svarer du ja både til skoleplass og til å stå på venteliste til alle høgare ønske dersom du har fått tilbod om eit lågare ønske.

Når du har lagt inn førehandssvar kan du endre svaret ditt frå dagen inntaket er klart og fram til svarfristen.Om du ikkje har registrert førehandssvar og du er på ferie, skal det ikkje vere noko problem å svare på inntak. Logg inn på vigo.no når inntaket er klart og svar på tilbod om skoleplass/ ventelisteplass.

Alle søkarar som har ungdomsrett skal få tilbod om skoleplass før skolestart. Når andre gongs inntak blir gjort, vil plassane som nokon har takka nei til bli frigjort og tildelt dei som står på ventelistene.

Du er ikkje garantert plass ved nokon av skolane du har sett opp på søknaden din, men du har rett til skoleplass på eitt av tre alternative utdanningsprogram på Vg1, eller noko som du er kvalifisert til på Vg2 eller Vg3.

Det kan hende at dette blir på ein annan skole enn dei du har søkt om.

Sjølv om det har kome inn nei-svar, så betyr ikkje det nødvendigvis at du får tilbod om plassen. Det kan vere feil som er gjort, eller nokon har fått medhald i klage på karakter, og desse går framfor deg på ventelista dersom dei har høgare poengsum enn deg. Du må vente til andre inntak er ferdig før vi kan seie noko sikkert.

Det kan vere nokon takkar nei, og ledige plassar blir frigjort. Du vil få svar enten frå fylkeskommunen eller frå skolen dersom det blir ledige plassar der du står på venteliste. Vi sender alle ventelister ut til skolane rett før skolestart, og overlet resten av inntaket til skolane. Skolane vil ta kontakt med dei som står på venteliste dersom det blir ledige plassar etter skolestart.

Vi tek generelt atterhald om at det kan skje feil i saksbehandling. Det kan også vere at søkarar som har klaga på karakterar får medhald, og difor får auka sin poengsum til andre gongs inntak. Kjem poengsummen over den du har, vil dei gå framføre deg på ventelista til andre gongs inntak. Det kan også vere anna klagebehandling som gjer at inntaket endrast.

Søkartal til dei ulike tilboda og skolane endrar seg frå år til år, og det vil også poenggrensa gjere. Du kan sjå på inntaksstatistikk om snittkarakterar fordelt på utdanningsprogram her.

Sjekk nettsidene til Lånekassen.  Har du spørsmål om stipend, lån og tilbakebetaling, kan du ringe tlf. 21 49 60 00.

Du må ta direkte kontakt med skolen og spørre kva du kan gjere. Dersom du ikkje melder frå til skolen, så mister du plassen du har fått tildelt.

Dersom skolen har ledig plass og ikkje har nokon igjen på ventelistene, er det opp til skolen å avgjere om dei kan ta inn ein elev som ønsker å bytte skoleplass etter skolestart. Skolen må vurdere om eleven er kvalifisert til å starte på det dei ønsker før dei eventuelt tek inn ein ny elev.