Karriere Møre og Romsdal

Ønsker du å skifte karriere, eller treng du bare ei kursendring? Er du ferdig med vidaregåande utdanning og er usikker på kva du skal gjere vidare? Vurderer du å bytte jobb, men er usikker på kva moglegheiter du har? 

Ta kontakt med Karriere Møre og Romsdal. Vi tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne i fylket. 
Rettleiarane våre held til i Kristiansund, Surnadal, Sunndal, Molde, Åndalsnes, Stranda, Sykkylven, Ørskog, Ålesund og Volda.

I dag har alle unge i utdanning lovfesta rett til yrkes- og utdanningsrettleiing.  Gjennom Karriere Møre og Romsdal får også dei som ikkje er elevar i vidaregåande skole tilbod om karriererettleiing.

Karriere Møre og Romsdal kan tilby:

  • rettleiing om utdanning og arbeid
  • interessekartlegging
  • råd til korleis du skriv CV eller jobbsøknad
  • råd til jobbintervjuet
  • kurspakkar for privat og offentlig sektor

Gjennom rettleiing kan vi bidra til å auke bevisstheita på kven du er, kva du kan, kva du vil og kva du interesserer deg for.

Rettleiingssamtalane er fortrulege og konfidensielle.

Tilbodet skal bidra til 

  • fleire kompetente og motiverte arbeidstakarar til næringslivet i Møre og Romsdal gjennom individuelle rettleiingssamtalar, eller grupperettleiing
  • kompetanseheving gjennom kurs til privat og offentlig sektor
  • auka gjennomføring av vidaregåande opplæring gjennom kompetanseheving av rådgivarar i skolen

Snarvegar

Kontakt