Kulturrabatt for ungdom

Med Kulturrabatt for ungdom får du 25 prosent rabatt eller meir på kulturopplevingar ved kino, kulturhus og festivalar. Tilbodet gjeld for ungdom i alderen 15-20 år på alle arrangement som har rabattavtale.

Kjøp billett med rabatt:

  • Hugs å ta med gyldig legitimasjon. 
  • Rabatten er personleg, og kvar enkelt ungdom får derfor berre kjøpe ein billett. 
  • Rabatten kan ikkje brukast av skoleklassar.
  • På festivalane må du vise legitimasjon for å bytte inn billett i armband. Sjekk kva som står på billetten.

Ordninga har eiga Facebookside. Nye avtalar blir kunngjort der. Nokre festivalar i fylket gir større rabatt, som for eksempel Jugendfest, Moldejazz og Skjærvafest.

For arrangørar:

Fylkeskommunen refunderer differansen mellom ordinær billettpris og Kulturrabattpris til arrangøren, etter vi har fått tilsendt ei oversikt på kor mange billettar som er seld. Sjå avtaletekst.

Her får du rabatt heile året: 
BraatthallenKristiansund
Operaen i KristiansundKristiansund
Surnadal kulturhusSurnadal
Molde kinoMolde
Teatret VårtMolde/turné
Rauma kulturhus og kinoRauma
Sjøborg kulturhusUlsteinvik
Fiskå ungdomshus/ Fiskå FUULVanylven
Tomrefjord kinoVestnes
Ingebrikt Davik-husetBrattvåg
Ørsta kino og kulturhusØrsta
Volda filmeteaterVolda
Arbeideren kulturhusÅlesund
Parken kulturhusÅlesund
  
Festivalar og enkeltarrangement 
Arrangement:Dato:
Nordic Light – Kristiansund25.-29.april
Dei nynorske festspela7.-10.juni
Eidsvågdagene8.-9.juni
Ålesund Kammermusikkfestival7.-10. februar
Ålesund Live - Ålesund15.-16.juni
Nesset Musikkfest – Nesset21.-24.juni
Midsundfestivalen - Midsund14.-16.juli
Moldejazz – Molde16.-21.juli
Skjærvafest - Kristiansund10.-11.august
Jugendfest - Ålesund17.-18.august
Høstscena - Ålesund26.-30.september

 

 

Snarvegar