Tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta gir tilbod om tannhelsetenester til:

  • Barn og unge frå 0-18 år
  • Psykisk utviklingshemma over 18 år
  • Eldre, uføre og kronisk sjuke med opphald i institusjon
  • Personar som mottar heimesjukepleie
  • Ungdom som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret betaler 25%
  • Andre prioriterte grupper 

Klinikkane gir også tilbod til vaksne betalande pasientar.

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har 34 tannklinikkar fordelt på 33 kommunar. 

Tannhelsetenesta er organisert i fire kompetanseregionar med ein overtannlege som er fagleg og administrativ ansvarleg leiar i kvar region. 

Har du spørsmål, ta kontakt med fylkestannlegen sitt kontor på tlf. 71 28 03 00