Klage på tannbehandling

Klage på offentleg tannhelseteneste

Ønsker du å klage på behandlinga du har fått, skal du sende klagen til den tannklinikken og til den tannlegen du fekk behandling av.

Dersom du ikkje får medhald her, kan du anke avgjerda til overtannlegen i distriktet. Har du behov for å ta avgjerda vidare, kan du anke til fylkestannlegen.  

Vidare kan du anke til fylkesutvalet eller til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, avhengig av kva klaga gjeld.  

Klage på privat tannhelseteneste

Send klagen til tannlegen du fekk behandling av. Om du ikkje får medhald, kan du sende klagen til klagenemnda i den lokale tannlegeforeninga eller til Fylkesmannen.  Den offentlege tannhelsetenesta eller fylkestannlegen behandlar ikkje klage på privatpraktiserande tannlegar.

Fredrik Ahlgren og Ellen Cecilie Brunstad

Marie Granmo, tlf. 70125622, ma123rie@gmail.com 
Terje Myklebust, myklebustterje@gmail.com
Hallvard Nødtvedt, nasehoinn@yahoo.no

 

Kontakt