Kven har rett på gratis tannbehandling?

GrupperTilbod
Barn og unge frå 0-18 årFri tannbehandling på offentleg tannklinikk.
Unge som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret.Pasientane betaler 25% av dei offentlege takstane.
Psykisk utviklingshemma over 18 årFri tannbehandling på offentleg tannklinikk
Eldre, uføre og kronisk sjuke med opphald i somatiske/ psykiatriske institusjonarGratis naudsynt behandling på offentleg tannklinikk føresett at opphaldet vil vare samanhengande utover 3 månader.
Pasientar som mottar helsefaglege heimebaserte tenester (heimesjukepleie) gitt av vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 pkt. 6.

Gratis naudsynt behandling på offentleg tannklinikk når den helsefaglege heimebaserte tenesta blir gitt minst 1 gong i veka og det er forventa at den vil vare samanhengande utover 3 månader.
Unntak: Praktisk hjelp etter Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 pkt. 6 bokstav b, gir ikkje rett til gratis tannbehandling.

Rusmisbrukarar som oppheld seg i behandlingsinstitusjonar etter lov om spesialisthelsetenesta og i omsorgsinstitusjonar etter Helse- og omsorgstenestelova.Gratis naudsynt* behandling på offentleg tannklinikk når opphaldet har vart samanhengande utover 3 månader.
Rusmisbrukarar som mottar tenester samanhengande utover 3 månader etter Helse- og omsorgstenestelova § 3-2, 1. ledd, nr. 6 bokstav b og c.Gratis naudsynt behandling på offentleg tannklinikk, eller hos privatpraktiserande tannlege som Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har avtale med.
Rusmisbrukarar i LARGratis naudsynt behandling på offentleg tannklinikk, eller hos privatpraktiserande tannlege som Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har avtale med.
FengselsinnsetteInnsette med opphald lenger enn 3 månader skal ha tilbod om tannhelseundersøking og naudsynt behandling ved offentleg klinikk eller privat tannklinikk som fylkeskommunen har avtale med.
Personar med psykiske lidingar som får poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesten over ein periode på minimum tre månader.Gratis naudsynt behandling på offentleg tannklinikk.
Personar i pleie av pårørande finansiert med omsorgslønn (pleiebehovet må attesterast av lege)Gratis naudsynt tannbehandling på offentleg tannklinikk når pleieperioden er forventa å vare utover 3 månader.

Kva er naudsynt behandling?

Fylkeskommunen avgjer kva som er naudsynt tannbehandling. Dette gjeld også i tilfelle der andre utfører tannbehandling på vegner av fylkeskommunen. Den enkelte tannlege er ansvarleg for å vurdere kor vidt ein brukar har krav på stønad i samsvar med folketrygdlova § 5-6.

Tilbodet om gratis naudsynt tannhelsehjelp tar utgangspunkt i helsedirektoratets rettleiar «God klinisk praksis i tannhelsetjenesten» (IS-1589). Naudsynt tannbehandling i klinisk arbeid er den informasjon og behandling som skal til for at enkeltpersonar kan oppnå og sjølv bidra til å oppretthalde akseptabel oral helse.

Akseptabel oral helse inneber at brukaren:

  • Ikkje har smerter, ubehag eller alvorlege lidingar i munnhola
  • Har tilfredsstillande tyggefunksjon
  • Kan kommunisere og ha sosial omgang utan problem som skuldast tennene