Tilrettelagt tannhelsetilbod TOO

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit tilrettelagt tannhelsetilbod til personar som har blitt utsett for tortur (T), overgrep (O) eller har sterk tannbehandlingsangst (odontofobi, O). Dette tilbodet blir kalla TOO-behandling. Ved hjelp av angstbehandling er målet at du skal meistre ordinær tannbehandling.

Personar frå og med 21 år som enten

  • har vore utsett for tortur
  • har vore utsett for overgrep eller vald i nære relasjonar
  • har sterk angst for tannbehandling, odontofobi

Samtale og eksponeringsterapi

Du vil få hjelp av eit tverrfagleg behandlerteam TOO som består av psykolog, tannlege og tannhelsesekretær. Behandlingstilbodet er kognitiv adferdsterapi retta mot tannbehandlingsangst på inntil 10 timar.

Behovet ditt blir kartlagt i ein samtale med psykolog, slik at vi kan lage eit behandlingsopplegg som er tilpassa deg.

Den vidare oppfølginga bygger på prinsipp frå eksponeringsterapi, som har god effekt på behandling av fobiar. Sjølve angstbehandlinga består av å øve gradvis på dei situasjonane som du synes er mest vanskeleg. Du får moglegheit til å lære deg strategiar til å meistre situasjonar som er vanskelege.

Det tverrfaglige TOO teamet i Møre og Romsdal fylkeskommune er lokalisert på Kompetanseklinikken St. Carolus i Molde.

Tilpassa tannbehandling

Når du er ferdig hos Tverrfagleg behandlarteam TOO, blir du overført til Tannbehandlarteam TOO. Dei skreddarsyr og gjennomfører tannbehandling etter ditt behov. Teamet har fått nødvendig informasjon, slik at tannbehandlinga blir tilpassa ditt meistringsnivå.

Etter at du er ferdig med behandlinga, er du sjølv ansvarleg for å følge opp tannhelsa hos tannlege eller tannpleiar.

TOO-behandlinga er gratis. Treng du vidare tannbehandling hos ein annan tannlege eller tannpleiar, må du betale.

Du kan enten sjølv ta kontakte eller be legen din, psykolog eller tannlege om å tilvise deg.

Send tilvising til fylkestannlegen.

Adresse:

TOO
Fylkestannlegen sitt kontor
Postboks 2507
6404 Molde

Kontakt