TT-ordninga

Transporttenesta (TT) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør til personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise kollektivt.  

TT- ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men er eit tilbod som Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr innbyggarane i fylket.

TT- ordninga er meint å dekke fritidsreiser for brukaren, og ikkje reiser betalt av andre.  Dette gjeld for eksempel reiser ved behandling hos lege/sjukehus, der NAV/Helseforetaka betalar reisa.

Ordninga blir administrert av fylkeskommunen, men det er kommunane står for godkjenning av nye brukarar i samsvar med retningslinjene. Dersom du ønsker å bli vurdert som brukar, må du altså ta kontakt med heimkommunen din.

I dei fleste drosjene vil saldo på kortet komme fram direkte ved å trekke det gjennom taksameteret. Du kan også kontrollere saldoen ved å:

Kanal:Nummer/adresseKorleis går eg fram?
Ringe sentralbordet:   35 58 60 40 Du kan ringe 24 timar i døgnet, måndag - søndag
Sende SMS:   90 36 70 00Send: ttkort «brukarnummer»
Internett:www.ttkort.noLogg inn med brukarnamn og passord. Passordet får du tilsendt i brevet saman med TT-kortet.

         

Dersom kortet blir skada eller du mistar kortet, skal du melde inn dette snarast mogleg ved å ringe 35 58 60 40, eller du kan ta kontakt med saksbehandlar i kommunen din. Det gamle kortet vil då bli sperra, og du vil få tilsendt eit nytt kort. Kostnaden for nytt kort vil bli belasta brukarkontoen din .

Dersom kortet ikkje virkar må du betale turen sjøl. Ta vare på kvitteringa og send krav til:
TTT Administrasjon AS
postboks 2673
3702 Skien

Dersom du er godkjent TT- brukar og flyttar innan Møre og Romsdal, treng du ikkje sende ny søknad. Du må likevel melde frå til saksbehandlar, slik at du blir registrert i rett kommune og i rett brukarsone. Er du godkjent TT- brukar i eit anna fylke, må søke på nytt ved flytting til Møre og Romsdal. 

Snarvegar

Kontakt