Byen som regional motor

Prosjektet arbeider med utvikling av byane, Ålesund, Molde og Kristiansund. Målet er å styrke attraktiviteten og stimulere til vekst og utvikling. Det er også eit mål at byane tek rolla som regional motor og trekk med seg omlandet i utviklinga. Attraktive bysentra, samferdsel og kollektivsatsing, og kompetansemiljø og utdanning er satsingsområde for byutviklingsprosjektet.

Tiltak: 

  • Økonomisk støtte gjennom byfondet. 
  • Fasilitere bymøte mellom den politiske og administrative leiinga i fylkeskommunen og i dei tre byane Kristiansund, Molde og Ålesund
  • Arrangere fagsamlingar med erfaringsutveksling og kompetansepåfyll for fagpersonar med byutvikling som arbeidsfelt

Delprosjekt:

Finansiering: Byen som regional motor har vore utløysande for ei rekke delprosjekt i byane, slik som byrom, gang- og sykkelstiar og tiltak som stimulerer til leik og aktivitet i byane.  

Bysmart er ein foredragsserie på biblioteka i Kristiansund, Molde og Ålesund. Målet er å skape byliv og styrke biblioteka som arena for samfunns- og kulturdebatt. Prosjektet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, fylkesbiblioteket og biblioteka i Molde, Ålesund og Kristiansund.

Kontakt